Skottland vil ha ny folkerøysting om sjølvstende

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førsteminister Nicola Sturgeon melde i dag at den skotske regjeringa vil lysa ut ei ny folkerøysting om sjølvstende. Om planane blir godkjende av i parlamenta i Edinburgh og London, skal avrøystinga haldast tidlegast hausten 2018, seinast våren 2019.

På det tidspunktet skal det vera klart kva som blir konsekvensane av Brexit, men framleis tid til at Skottland kan bli verande i EU som eit sjølvstendig land, skriv avisa The National.

 

Ved sist folkerøysting om sjølvstende i september 2014 røysta eit fleirtal på 52 prosent mot å gå ut av unionen med nabolanda i Storbritannia. Det var før britane røysta for å melda seg ut av EU i juni 2016. Når Brexit blir ein realitet, stiller saka seg annleis, meiner den skotske regjeringa.

Skottane røysta med stort fleirtal for å bli verande i  EU. Den nye sjølvstendekampen kan med andre ord like mykje bli ein ny EU-kamp.

– Blei lova at me skulle få bli i EU
Ungdomspolitikar Scott Blair frå Scottish National Party (SNP) fortalte i eit intervju med Framtida.no i fjor haust at EU-spørsmålet var ei stor sak under valkampen før folkerøystinga om sjølvstende.

– Me blei lova at me ville få bli i EU om me blei verande i unionen, og at me måtte forlata EU om me røysta ja til uavhengigheit. Det var feil, og no forlèt me EU likevel, sa Blair, og la til at han håpa på eit mirakel som kunne redda landet frå Brexit.

Om det mirakelet kjem med den nye folkerøystinga, er likevel ikkje sikkert. Dei siste meiningsmålingane tyder på at folket framleis er delt omtrent på midten i spørsmålet om sjølvstende: