Kvifor vil skottane ut av Storbritannia?

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit sjølvstendig Skottland?

Framtida.no ser nærare på det store spørsmålet skottane skal svara på om ein månad. I morgon går me gjennom utfordringane og konsekvensane ved eit eventuelt sjølvstendig Skottland, i dag prøver me å finna ut kvifor spørsmålet i det heile kom på bana.

– Sjølvråderetten, er det kontante svaret til Storbritannia-ekspert Jan Erik Mustad ved Universitetet i Agder. Han svarar på spørsmålet om kva som er hovudårsaka til at mange skottar vil bli sjølvstendige, og held fram.

– Dei vil kontrollera si eiga framtid, både politisk og økonomisk. Det handlar ein del om historie og kva dei får igjen for å vera i union, forklarar Mustad.

Han er i gang med å forklara kjerna i ein av dei største debattane i Storbritannia si historie. 18. september er det folkeavstemming – dette er grunnane til at mange skottar vil stå for seg sjølv.

LES OGSÅ: Ein blodig fin by

Historisk vetlebror
Unionen mellom Skottland og England har eksistert sidan 1707, og saman med Nord-Irland og Wales utgjer dei Storbritannia. Men sjølv om det no er 307 år sidan skottane gjekk inn i unionen, er den skotske identiteten veldig sterk.

– Det er knytt til institusjonane. Skottane har vore veldig opptekne av å bevara institusjonar som kyrkja, rettsvesenet, utdanning og helsevesenet – som har vore der sidan før unionen, forklarar Mustad.

– Det betyr at ein heile tida har blitt minna på ein skotsk identitet, men det gjorde ikkje utslag før på 50- og 60-talet. Då var imperiet på veg ned, og skottane hadde alltid sett seg sjølv som likestilte med England i imperiet, at det var like mykje skotsk som engelsk.

Men imperiet sitt fall viste at det ikkje var slik, i alle fall ikkje i innanrikspolitikken. Då det britiske imperiet falt frå kvarandre på midten av 1900-talet, vart det tydeleg at Skottland var rekna som vetlebror i familien.

– Då imperiet falt såg ein skiljelinjer og overlegenheit, både økonomisk, politisk og i befolkninga. Den skotske identiteten som heldt seg i 307 år byrja å gjera utslag.

LES OGSÅ: Dei aller verste katastrofane

Usemje i politikken
Vegen mot den store folkeavstemminga om skotsk sjølvstende har vore lang, med gradvis framgang. Om me spolar fram til i dag, går me via imperiet sin undergang og den konservative politikken til Margaret Thatcher på 80-talet som har bidrege til den sterke posisjonen til skotsk nasjonalisme, representert med Scottish National Party (SNP) med Alex Salmond i spissen.

Eit viktig steg for den skotske nasjonalismen kom då Skottland fekk sitt eige parlament og sjølvstyreregjering i 1999, der skottane velger sine eigne representantar kvart fjerde år.

Det betyr likevel at skottane ligg under regjeringa med sete i London og Westminister Abbey i fleire saker, og ei eiga skotsk regjering gjorde politiske skilnader mellom Skottland og England tydelegare, fortel Espen Aas, som er NRK sin Storbritannia-korrespondent.

– Skottland ligg mykje meir mot venstre enn England. Ein av Alex Salmond sine mest brukte vitsar er at dei har fleire pandaer i Edinburgh Zoo enn konservative parlamentsmedlem som er vald inn i Westminister. Difor er det mykje frustrasjon over at landsdelen stemmer mot venstre, men ofte ender opp med ei høgre-dominert regjering, slik som no, forklarar Aas.

LES OGSÅ: Ein mental og fysisk kjellar

I 1999 fekk Skottland sitt eige parlament, og dei politiske skilnadane mellom Skottland og England vart tydelegare enn før. Her er den skotske parlamentsbygningen. Foto: Svein Olav Langåker.

Så kom maktskiftet
Nasjonalismen har variert i styrke, men nådde eit toppunkt då SNP fekk reint fleirtal i det skotske parlamentet i 2011. Og med fleirtalet kom ein av hovudpersonane i debatten som rasar verkeleg på bana – Skottland sin førsteminister, Alex Salmond, som er leiar for SNP. Salmond hadde allereie vore førsteminister i fire år, men med reint fleirtal kunne diskusjonen om skotsk sjølvstende takast på alvor.

– Nasjonalistrøyrsla i Skottland har vore der heil sidan unionen vart eit faktum i 1707, det var ikkje einstemmig ja den gongen heller. Men fram til skottane fekk si sjølvstyreregjering i 1999, har det vore vanskeleg å få gjennomslag for det. Men etter nasjonalistpartiet sitt brakval sist, låg det altså i korta, forklarar Espen Aas.

Salmond har jobba for eit sjølvstendig Skottland i store delar av karriera si. Han er karismatisk og sjarmerande, og står som ein klar kontrast til Alistair Darling, den tidlegare finansministeren som leiar Nei-sida, og som mange ser på som ein tørrpinn. Sistnemnde er ein anna hovudperson i denne debatten.

LES OGSÅ: Språk, fotball og fridomsstrev i Katalonia

Kan slå tilbake
Sjølv med fleirtal i det skotske parlamentet kan det syna seg å vera vanskelegare å nå målet om skotsk sjølvstende enn det Salmond såg for seg. Ja-sida har ikkje nådd fleirtal for sjølvstende på meiningsmålingane. Om ein ser vekk frå dei som ikkje har bestemd seg, har Nei-sida, leia av Alistair Darling, 55 prosent av oppslutninga, medan 45 prosent seier ja. Det er ein framgang for Ja-sida, men det er likevel eit stykkje til fleirtalet.

Jan Erik Mustad meiner det er viktig å skilja mellom skotsk nasjonalisme og ønsket om skotsk sjølvstende, og at dette er noko SNP ofte mistolkar. Sjølv om dei har fleirtal i det skotske parlamentet, er ikkje det det same som eit fleirtal for skotsk sjølvstende. Han fortel at debatten og kan slå hardt tilbake på den karismatiske Alex Salmond og SNP. Mykje av styrken til ja-sida kan og vera knytt til retorikken til Salmond, framfor eit faktisk ønskje om sjølvstende.

– Mange av ja-argumenta har nok lent seg på Salmond sjølv, og det kan slå tilbake på han. Først med at det kan bli nei i folkeavstemminga som Salmond har basert mykje av si politiske karriere på, og at SNP vil gjera det dårlegare ved neste val i Skottland, forklarar Mustad.

Han legg til at eit eventuelt tap i folkeavstemminga kan tyda på at Salmond har utspelt si rolle.

Fleire spørsmål
Dette var eit kort og forenkla svar på kvifor spørsmålet om skotsk sjølvstende har komme så langt som til folkeavstemminga om ein månad. Men det er mykje som ligg laust i lufta – som til dømes korleis Skottland vil klara seg på eigenhand, og korleis det vil påverka resten av Storbritannia.

Det vil me prøva å svara på i morgon, og det omfattar blant anna mykje olje og eit blikk mot Noreg.

LES OGSÅ: Dette førte ungdom ut i gatene

Faktaboks

18. september skal skottane til valurnene, og svara ja eller nei på spørsmålet om dei vil ha eit sjølvstendig Skottland.
• Skottland har vore i union med England sidan 1707.
• I 1999 fekk Skottland eit eige parlament, og ei eiga sjølvstyreregjering. Det fekk fram dei politiske skilnadene mellom England og Skottland.
• Sjølvråderetten er eit viktig argument for ja-sida, meiner Jan Erik Mustad ved Universitetet i Agder. Sjølvstyre over eigne ressursar og politikk er viktig for den skotske identiteten.
• Den politiske usemja er og viktig – mange skottar er frustrerte over at dei blir sitjande med ei høgredominert regjering når fleirtalet i Skottland er meir venstrevridd.
• Vegen til folkeavstemminga har vore lang, og vart utløyst av at Scottish National Party (SNP) og Alex Salmond gjorde eit brakval i det skotske parlamentet i 2011.

I morgon ser Framtida.no nærare på argumenta for og imot eit sjølvstendig Skottland, og korleis skilsmissa ville fungert i praksis.