Ein blodig fin by

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Edinburgh: Ein blodig fin by

Nyleg vitja eg Skottlands hovudstad Edinburgh. Eg likte byen allereie idet eg gjekk av toget og kasta eit fyrste blikk på han, for dette er korkje ein oversminka moderne storby eller ein keisam idyll, det er ein by med enorme mengder gamal og gråsvart arkitektur, tronande i bratte åssider under eviggråe skyer, ein herja by med ei dyster fortid som aldri går ut på dato.

I eit tidlegare innlegg på denne sida skreiv eg om veitene i min kjære heimby Trondheim, men for ein som elskar smug og bakgater må det seiast at Edinburgh har endå meir å by på. Fordi skottane i lang tid måtte verne hovudstaden sin mot fiendar med ein robust mur, vart det fullt i Edinburgh, husa måtte byggjast stadig tettare og høgare. Men ei form for passasjar måtte ein naturlegvis ha frå hovudgatene ned mellom dei store bustadskompleksa, og såleis oppstod ein viss type djupt, trongt smug kalla ein “close”. Mang ein gamal close finst enno intakt langs The Royal Mile, samlenemninga på området rundt den ruvande Edinburgh Castle. Ikkje mykje sollys når botnen av desse smuga, og dei sanitære forholda der kunne i gamle dagar vera horrible. Ikkje di mindre var det der inne vanlege folk i stor grad levde og verka, og jo trongare dei budde, di fattigare var dei. 

Ein av dei som har vore så heldig å få ein close kalla opp etter seg, er William Brodie. I det som i dag heiter Brodie’s Close låg hans families bustader og verkstader. På 1700-talet levde William Brodie eit heilt spesielt liv, eller kanskje snarare to liv: På dagtid var han ein renommert ebenist, leiar for eit handverkarlaug og medlem i byrådet, på nattetid var han derimot ein skamlaus hasardspelar og rundbrennar, som finansierte den utsvevande livsstilen sin med omfattande vinningskriminalitet. Han vart avslørd til slutt og hengt framfor 40.000 tilskodarar i Edinburghs High Street. Ei artig soge, men ho hadde neppe vorte hugsa så godt om det ikkje var for diktaren Robert Louis Stevenson, som også kom frå Edinburgh og fatta stor interesse for Brodies ekstreme dobbeltliv. Den historia inspirerte han til å skrive den briljante grøssarklassikaren The Strange Case of Dr. Jekyll and Mr. Hyde, publisert i 1886. Sjangernemninga er kanskje urettferdig, for det er ein interessant roman på fleire plan, der dualismen mellom godt og vondt i det menneskelege sjelelivet får eit grufullt, men høgst pregnant uttrykk.

Det skulle ikkje forbause meg om Stevenson også hadde ei anna klassisk Edinburgh-historie i minne då han skreiv romanen. Ein høgst røynleg lækjar frå Edinburgh hadde nemleg endå fleire svin på skogen enn den fiktive dr. Jekyll og hans redselsfulle alter ego Mr. Hyde. Robert Knox, heitte han, ein populær anatomiførelesar på byrjinga av 1800-talet. Museet Surgeon’s Hall i dagens Edinburgh er vel verd ein visitt, her kan ein lære mykje om historia til kirurgien, ein gryande vitskap på Knox’ tid. Diverre sleit dei den gongen med å skaffe ein viss veldig naudsynt artikkel til anatomisk forsking, nemleg daude kroppar til disseksjon. Det å bli dissekert var sett på som ein så stor katastrofe for den avlidne at ingen donerte seg sjølve eller sine kjære til slik praksis, og dei einaste lovlege leveransane kom i lang tid i form av avretta straffangar. Men det var ikkje nok, og mangt eit lik vart stole av rovgriske bandittar og selt vidare til desperate kirurgar. Eg såg sjølv, på Det skotske nasjonalmuseet, ein autentisk “mortsafe”, ei slags kiste utanpå kista, som var attlåst og skulle verne liket mot røvarar. Den ivrige dr. Knox var òg villig til å trasse lova, og hyra dei irske immigrantane William Burke og William Hare til å skaffe han lik mot ein høveleg stykkpris. Kanskje hadde han tenkt at dei berre skulle røve graver, men pragmatisk nok valde dei heller å produsere rykande ferske lik ved å drepe lys levande menneske, totalt seksten stykk, som dei trufast leverte til dr. Knox. Galskapen pågjekk i ti månader før han vart avslørd, og vi endeleg fekk det lystige barnerimet som gjer namna enkle å hugse: “Burke the butcher, / Hare the thief, / Knox the boy who buys the beef.” Saka slo ikkje heldig ut for Knox sin lækjarkarriere, men Burke var den einaste i trikløveret som vart dømd til dauden for udådane. Han vart hengt framfor godt og vel 20.000 publikumarar, og passande nok dissekert av kirurgar etterpå. Enno i dag har Edinburgh til utstilling slike sjarmerande klenodium som Burkes daudsmaske og skjellett, og ei bok som visstnok skal vera laga av huda hans.

Det finst fleire sanne, gode og blodige historier å fortelja frå Edinburgh, men eg får gje meg no. Eg vil heller tilråde lesarar med sunne morbide interesser å ta ein tur dit på eiga hand. Ver berre litt på vakt når du går ned i smuga, det vil vera for gale om du endar opp i ein mortsafe eller på eit disseksjonsbord allereie.

Frå denne kyrkjegarden vart det røva fleire lik.

J.K. Rowling skreiv dei første bøkene om Harry Potter kort veg frå denne skulen. Skulen skal ha vore inspirasjonskjelda til Galtvort.

Les saka i Magasinett!