Skadeleg for ungdom å stå opp tidleg

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skadeleg å stå opp tidleg

Det er lett å skulde på seine leggetider, Netflix og dataspeling når ungdom forsøv seg til skulen eller sit og duppar av ved pulten, men ofte har det ei biologisk forklaring.

LES OGSÅ: Ungdom treng faktisk meir søvn

Tidleg tortur
Fem svenske forskarar peikar i eit innlegg i Svenska Dagbladet på at den biologiske klokka vår er sterkt påverka av alder, difor er det truleg ikkje sjølvforskyldt når ungdommar slit med å koma seg opp til skulen.

Forskarane meiner det åtvinge ein 18-åring til å stå opp klokka 6.30 eller 7.00, kan samanliknast med å dra ein 50-åring ut av senga klokka 4.30. Om ungdom vert pressa opp så tidleg kvar dag, kan det nesten kallast tortur, meiner dei fem forskarane.

Medan dei fleste tiåringar kan stå opp halv sju utan problem, aukar søvnbehovet vårt i puberteten. Ein ungdom i puberteten treng om lag ni timar søvn kvar natt – samstundes som innsovninga vert utsett to til tre timar.

LES OGSÅ:Krympar hjernen med lite søvn

Betre karakterar – mindre deprimert
Forskarane peikar mellom anna på eit forskingsprosjekt frå Minnesota, som har fått gode resultat med å skyve skuledagen etter ungdommane si biologiske klokke.

9000 amerikanske vidaregåandeelevar deltok i prosjektet der skulestart vart flytta frå klokka 7.50 til 8.40.

Med seinare skulestart var elevane meir tilstade på skulen og fekk betre karakterar, utan å drikke store mengder koffeindrikker. I tillegg var ungdommane som fekk sove lenger mindre plaga av depresjonar.

Dei svenske professorane peikar på at fleire skular i både USA og England har fått positive resultat med seinare skulestart og tek til orde for at svenske skular gjer det same.   

LES OGSÅ: Mindre sjukdom med god søvn