Sjekka arbeidstilhøve

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me har vitja arbeidsplassar både i Sunnfjord, Nordfjord og i Sogn. Stort sett må me vel seia at me har blitt godt mottekne, både hjå arbeidstakarane og arbeidsgjevarane me har vore innom hjå, seier Erlend Herstad og Azam Samsudeen.  

Ungdom  
Dei to har teke seg fri frå sitt daglege arbeid den siste veka, og i staden vore blant dei om lag 15 ungdomane som har farta rundt i Sogn og Fjordane. Og det er særleg kva tilhøve unge arbeidstakarar, det vil seia tilsette under 25 år, har på arbeidsplassen sin, sommarpatruljen har vore opptekne av.  

– Me må vel seia at reint generelt ser det ut for at ungdomane har greie tilhøve på jobben, med både tariffesta løn og ordna arbeidstilhøve, seier Erlend Herstad.

LES OGSÅ: – Må søkje seg til seg til utkantane

Arbeidsavtale  
Han fortel at dei likevel har kome over tilfelle der ikkje alt er etter boka.  

Då er det som oftast sik at det ikkje finst noko formell, skriftleg arbeidsavtale. Dette gjeld særleg for sommarvikarar, men det har også skjedd at me har kome over tilfelle der arbeidstakarar har jobba i lengre tid utan skriftleg arbeidsavtale, seier han.  

For å takla slike tilfelle, har patruljen hatt med seg standard arbeidskontraktar som dei har lagt att både til arbeidstakarane og arbeidsgjevar.

LES OGSÅ: Stein for stein vinn vi valkampen 

Skattekort  
– Då har dei ein mal som kan brukast nå avtalen skal skrivast. I standardkontrakten er dei viktige punkta lista opp. Både løn, tilsetjingsform og andre rettar og plikter i arbeidstilhøvet, seier Azam Samsudeen.  

I tillegg til å ha ein skriftleg arbeidsavtale, tariffløn og ordna arbeidstid, minner dei to patruljemedlemene om at sommarvikarar må hugsa på å levera skattekoret sitt til arbeidsgjevaren.  

– Det må dei gjera sjølv om dei har frikort, og ikkje kjem til å tena meir enn det som er grensa for frikortet, seier dei.  

Sommarpatruljen i år var på farten frå torsdag 27. juni, og vart avslutta fredag 5. juli, i Sogn og Fjordane.

LES OGSÅ: – Unge har dårleg arbeidsmoral

LES SAKA I SOGN AVIS!