Stein for stein vinn vi kampen

Mads Opheim
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Det er eit vegskilje når LO-kongressen vedtar at Noreg må avklare med EU at faglege rettar skal ha forrang framfor EØS-avtalen, og det er eit vegskilje der prioriteringane klart blir endra – frå å legge til grunn at det marknadsliberalistiske EU-prosjektet skal vera til det beste for arbeidsfolk til å faktisk sjekke om terrenget er i samsvar med kartet.

Som arbeidsfolks organisasjon er det LOs tydelege plikt å setje arbeidsrettar først, og dernest bry seg om det parlamentariske spelet. Det er ei linje vi i Ungdom mot EU er glade for at dei følgjer opp – det er alltid fint med organisasjonar som er klare over sitt grunnlag og følgjer det opp i både ord og handling. Vi er også veldig glade for at LO no har flytta seg eit sjumilssteg i vår retning. Det er ein stor siger for nei-sida å få LO no i stor grad med på laget, og vi jubla høglydt da nyheita om gjennomslag for «arbeidslivet ut av EØS»-parolen kom.

For det LO no i praksis har vedtatt, er å reforhandle EØS-avtalen. Det er nemleg særs vanskeleg å sjå for seg at EU vil godta å gi nasjonale reglar forrang framfor EØS-retten, når det står eksplisitt i dagens avtale at EØS i slike høve skal gå først.

Dette er nye tonar. LO ga si støtte til EØS-avtalen i 1992 og har sia stått klippefaste i sitt forsvar for avtalen som heilskap. Denne støtta føresette ei innføring av EØS-avtalen som skulle følgje 15 definerte krav frå LO si side, om blant anna rettar i arbeidslivet og full sysselsetting som prioritet. I etterkant har vi sett at tre-fire av desse krava har vorte innfridde, resten ikkje. No har LO-kongressen i praksis, om enn ikkje eksplisitt, tatt konsekvensane av at EØS-avtalen ikkje vart det LO trudde og forventa han skulle bli.

Sjølvsagt har ikkje dette linjeskiftet skjedd over natta – linjeskifte gjer sjeldan det. Linjeskifte skjer derimot gjennom at ein ser og kjenner påverkinga på kroppen. Det har tusenvis av norske arbeidsfolk no gjort gjennom at EUs arbeidslivspolitikk har siva inn i Noreg og atter gjort sosial dumping og vikarbruk til eit reelt problem i norsk arbeidsliv.

Dette har da også heva EØS-diskusjonen i fagrørsla. Hardt og målretta arbeid frå den EØS-kritiske delen av fagrørsla over lengre tid har ført til samrøystes krav frå store organisasjonar som LO og Utdanningsforbundet om veto mot tenestedirektivet og vikarbyrådirektivet. Ein såg at konsekvensane av desse direktiva ville vera alvorlege og uønskt for arbeidslivet, og ville derfor ikkje innføre dei. Dessverre tapte dei kampen i regjeringa og på Stortinget, men viktige grunnsteinar i nei-kampen fall på plass.

Derimot vann nei-sida kampen om EUs tredje postdirektiv, både i fagrørsla og i regjeringa. Målretta og langsiktig arbeid ga fullt gjennomslag, og vi på nei-sida har høsta mange lærdommar frå denne kampen.

Desse tre direktiva er gode eksempel på kjipe direktiv som rammar arbeidslivet, og framover kjem vi til å sjå liknande kampar om handhevingsdirektivet, som vil tvinge oss til å opne for sosial dumping, og jernbanepakke 4, som vil ta frå oss styringa over jernbanen.

Slike direktiv vil fortsette å treffe oss så lenge vi er ein del av EØS-avtalen og så lenge EØS-retten får overstyre norske tariffavtalar og norsk arbeidslivslovgjeving. Dermed blir den kampen mot kjipe direktiv kampen for å unngå å bli ramma av direktiva i utgangspunktet.

I den kampen har vi no LO med på laget, og det gjer oss mykje sterkare. Det handlar om å ta tilbake styringa over norsk arbeidsliv, det handlar om å skape vårt eiget samfunn og om å bestemme sjølv.

Det handlar om å ta frå EU makt over den norske samfunnsutviklinga. Den utviklinga vil vi styre sjølv!