Seks av ti småkommunar seier nei til flyktningar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Småkommunar seier nei til flyktningar

Til saman 75 kommunar har vedteke at dei ikkje skal ta imot flyktningar i 2015. Dette er kommunar som er spreidde utover heile landet og har ordførarar frå ulike parti. Felles for kommunane er at dei er små, skriv Aftenposten.

LES OGSÅ: Ordførarkandidaten opnar heimen for flyktningar

– Vi har stort sett ikkje teke imot flyktningar dei siste åtte åra. Forklaringa har lenge vore at vi ikkje har råd. Vi er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, vi er jo på ROBEK-lista, seier Hobøl-ordførar Håvard Wennevold Osflaten (Ap) til avisa.

ROBEK er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse.

Sjølv om det er busett 19 prosent fleire flyktningar i norske kommunar hittil i år enn på same tid i fjor, held flyktningkøen fram å veksa. Ifølgje Integrerings- og mangfaldsdirektoratet sit 5.250 flyktningar på mottak rundt i landet og ventar på å få ein stad å bu.

Det er ikkje venta at køane blir mindre etter at Stortinget før sommaren vedtok å busetja 8.000 syriske flyktningar på tre år.

– Vi er opptekne av å ha ein god dialog med kommunane, at vi lyttar til kva dei seier dei treng, samtidig som vi kan støtta dei med hjelp. Vi har auka integreringstilskotet til kommunane med 300 millionar kroner sidan vi kom i regjering, slik at det no dekkjer cirka 90 prosent av snitt kostnadene til kommunane ved busetjing, seier statssekretær Kai-Morten Terning i Barne-, likestillings- og diskrimineringsdepartementet. (©NPK)

LES OGSÅ: Tre av fire kommunar tapar på flyktningar