Tre av fire kommunar tapar på flyktningar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommunar tapar på flyktningar

Kommunane får tilskot frå staten for kvar flyktning i fem år, og desse pengane skal dekkja busetting og integrering av flyktningane i samfunnet. For mange kommunar går ikkje rekneskapen opp, syner ei oversikt frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi).

LES OGSÅ: Fleire kommunar vil ta imot flyktningar

I Flora kommune i Sogn og Fjordane har dei løyst utfordringa på anna vis og går faktisk i pluss på å ta imot og integrera flyktningar.

Kommunen organiserer alle tiltak retta mot flyktningar i eit eige kommunalt føretak. Alle tilskota frå staten går inn i dette føretaket, som fordeler pengar til norskopplæring, barnehage og andre integreringstiltak. Når pengane er fordelte, sit kommunen igjen med eit stort overskot.

Etter at tilskotet i fjor var fordelt, kunne det kommunale flyktningføretaket fordela 5,7 millionar kroner til andre føremål, skriv Klassekampen. (©NPK)

Innlegg: Å visa hjarterom