Sei di meining!

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida.no er ikkje berre ei nettavis som skriv om festivalar, nynorskeller dyr som reddar verda. Me er, og vil vera, ei meinings- og debattavis. Difor vil me høyra frå akkurat deg!

Send ein tekst til tips@framtida.no då vel!

Det meste kan klagast på

Målet er å trekka fram unge, engasjerte stemmer. Meiner du at studiestøtta er for lita? Tykkjer du hindringane som møter deg i helsetenesta er for store? Eller er du ein av dei som får berre akkurat passeleg med myggstikk kvar sommar, og meiner andre bør slutta å klaga så fælt? Kanskje diktar du?

I så fall tykkjer me ikkje du skal brenna inne med det lenger. Det kan vera helsefarleg. Få ut dampen, skriv dine meiningar hos Framtida.no – slik som desse prakteksemplara av norsk ungdom har gjort før deg.

Korleis går eg fram?

Kven som helst kan senda inn eit innlegg til oss – og me vil vurdera om det skal publiserast eller ikkje. Me vidareformidlar ikkje hatske kommentarar eller openbart usanne påstandar, men mykje anna. Dessutan følgjer me Ver Varsam-plakaten.

Har du ei meining? Vil du dela den med fleire? Send den inn til oss på tips@framtida.no

PS: Den merksame lesaren vil merka seg at Framtida.no skriv nynorsk. Det er litt av oppgåva vår, å halda språket i live. Difor ønskjer me at du og skriv innlegga på nynorsk. Er ikkje det hovudmålet ditt? Gjer eit forsøk, så står me for språkvasken. Det skulle berre mangla.