Følg grunnlovsferda her!

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er fleire grunnar til at ei grunnlov skal reisa over heile landet. Ein av dei, er å møta målentusiastar frå ulike krokar av landet. Ein anna er å trekka merksemd til kor viktig desse nedskrivne orda faktisk er. Det kan og gjerast litt på gøy.

I ei solid blanding av alle desse tre, reiser Noregs mållag frå Oslo til Ørsta med nynorsk grunnlov i baksetet. Framtida.no følgjer heile turen, og gir deg oppdateringar om stemninga, humøret, fysisk påkjenning, lokalkuriosa og bensinprisar.

Saka vert, med andre ord, hyppig oppdatert.

For litt meir bakgrunn, sjå her: Bli med grunnlova på turné

20.29: Vegen og målet

Klokka 20:29 tikkare-posten inn, med eit bilete av ein GPS-skjerm som viser Ørsta. Kor tid etter står smilande fjes framfor Ivar Aasen-statuen. Dei har med andre ord komme fram, både Kjartan, Erik og Grunnlova. Takk for turen til alle som fulgte med! Bilete av målgangen og triumfen kjem om kort tid.

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/ivarstatue.jpg

I mål! Takk for turen! Ivar Aasen og Grunnlova fekk endeleg møta kvarandre.

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/konsert.jpg

Eit av dei store måla på vegen, var å sjå konsert med Odd og Aasmund Nordstoga. Det rakk dei. Foto: Erik Grov

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/gps.jpg

Rett for tidsfrista gjekk ut, nådde Erik, Kjartan og Grunnlova Ørsta. Hurra! Foto: Erik Grov.

Dette er Synne. Ho las eit dikt av Jan-Magnus Bruheim medan Grunnlova absorberer kulturen i bakgrunnen. Video: Erik Grov.

19.00: Det er framleis Red Bull igjen

Framtida: Korleis var Skjåk?

Erik: Skjåk var veldig bra, rett og slett. Det tok litt lengre tid enn me hadde tenkt, men det går bra. Eg kjende på heimlengselen når eg var så nærme Jostedalen. Det var flott med meir naturskjønne omgjevnader. Alle som var der tykte det var stas, og me fekk hjelp med å bæra Grunnlova gjennom løypa. Så fekk me mat, det var og kjempestas. Det trengde me. Spesielt stas med kjøtsuppe for vegetarianaren Kjartan.

Framtida: Har de lært noko av turen så langt?

Erik: Me har lært at me ikkje skal ha meir program enn me klarar å bita over. Men dette kjem heilt klokkereint inn med programmet. Me har og lært at det er lurt å rulla saman grunnlovsplakatane med strikk.

Framtida: Ordføraren i Skjåk, rakk han kommunestyremøtet?

Erik: Han rakk det. Og eg har framleis att Red Bull som eg kosar meg med medan me køyrer inn til Stryn.

Diktarstigen, med Grunnlova og foss. Foto: Erik Grov.

17.32: Diktarstigen og lokal mat

Diktarstigen er erobra av Grunnlova, og sjåførane er fora med lokale delikatesser. Biletet er frå Diktarstigen, som er laga til ære for diktaren Jan-Magnus Bruheim som kom frå Skjåk, og fekk Noregs mållag sin barnelitteraturpris i 1969.

Jan-Magnus Bruheim vart fødd 15. februar 1914 og døydde 10. august 1988. I løpet av livet gav han ut store mengder dikt, bøker og barnebøker, samt eit par høyrespel. Ifølgje Wikipedia utvikla han seg frå konvensjonell sentrallyrikar til utprega etisk-religiøs diktar.

 

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/skjc3a5k.jpg

Medan stormen herjar i Oslo, flottar Skjåk seg med blå himmel og strålande vêr. Det fjerde stogget på ruta er nådd. Foto: Erik Grov.

Kl. 16.30: Vêrbrifing og knapp tid

Framtida: No er det storm her i Oslo. Korleis er vêret der?

Erik: Aldri sett så fint vêr. Fantastisk. Framme på Skjåk-stogget no.

I Skjåk har dei fått eskorte frå ordføraren. Dei er med andre ord sikra å ikkje køyra seg vekk. Men rekk ordføraren å visa fram «Diktarstigen» før han må reisa til kommunestyremøtet? Tiden vil visa.

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/redbull.jpg

Kl. 16.00: Ei form for drivstoff og produktplassering

Erik: Tolv kilometer til Skjåk. Opna Red Bullen.

Kl. 15.38: Ser deg på Statoil

Red Bull-boksen er lukka endå, og bilen nærmar seg Skjåk. Dei ser fjell, og bak fjella ligg Vestlandet.

Erik: No har me snakka med ordføraren i Skjåk. Han møter oss på Statoil, og så køyrer me saman opp til «diktarstigen».

«Diktarstigen» ligg i Skjåk, og er ei markering av at det i år er 100 år sidan diktaren Jan-Magnus Bruheim vart fødd. Han fekk Noregs Mållag sin barnelitteraturpris i 1969, og Skjåk-ordførar Rolv Kristen Øygard viser trioen rundt på staden når dei er framme.

Framtida: Er han redd for å mista kommunestyremøtet klokka 18?

Erik: Det vil eg tru. Eg er i alle fall redd for at han kjem til å komma for seint. Eg føler eit ansvar.

Framtida: Korleis står det til med klimakrigen mellom deg og Kjartan?

Erik: Det var litt amper stemning ein periode, men no er me oppe og går att. Kjartan har slitt litt med nyseanfall, men det og ser ut til å ordna seg.

LES OGSÅ: – Aasen skreiv seg til makt

Kl. 15.20: Klimakrig

Erik: Kjartan: «Det der 24-gradersprosjektet ditt, det går ikkje»

Framtida: 24-gradersprosjektet?

Erik: Klimasona mi i bilen.

Det ligg med andre ord an til dårleg stemning i bilen, grunna klimakrig. Me oppdaterer.

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/lukkakjekkebi.jpg

Ein har av og til flaks med vegarbeidet. Foto: Erik Grov.

15.16: Griseflaks

Erik: Rett forbi. Lukka står den kjekke bi.

15.12: Potensiell krise

Erik: Tomt for kaffi.

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/vinstragrunnlov.jpg

Kjartan Helleve (t.v) overrekkjer ein plakat med grunnlova på nynorsk til Vinstra-ordførar Olav Røssum (SP) Foto: Erik Grov

14.54: Smelta krokanrull og tunge auger

Trioen har reist frå Vinstra, og reiser ut på ein av dei lengste etappane for turen. Vinstra-Skjåk skal holda hardt for timeplanen, og no byrjer kreftene å tappast. Men motet er på topp, etter eit nytt høgdepunkt på Vinstra.

Erik: Det var veldig godt oppmøte, kjekt at ordføraren (som er målmann) kom og møtte oss. Det var litt rett og slett litt seremonielt – dei leverte på Vinstra.

Framtida: Går det rykter langs ruta, som gjer at folk vil toppa kvarandre?

Erik: Det veit me ikkje, men… nei. Eg greier ikkje å snakka heilt.

Det er naturleg. Turen har vore lang, travel og starta tidleg. Programmet er planlagd på minuttnivå, og har vore sårbart for forseinkingar. Krokanrullen dei sparte til seinare har smelta ved girspaken. I baksetet, saman med Grunnlova, har Erik gøymd ein halvliter Red Bull, som han sparar til det verkeleg er krise.

Erik: Eg trur den kjem til å gå etter me har vore i Skjåk. Då har me gjort dei fire stoppa som er før endestasjonen. Etter Skjåk kan me senka skuldrane litt. Men no er me på ein av dei lengste etappane for turen, og eg er litt bekymra for det. Spesielt sidan ordføraren i Skjåk skal rekka kommunestyremøte kl. 18.

På Vinstra var det ikkje berre ein ordførar, men og ein liten haug med ungar. Alle fekk jakkemerke, og det vart delt ut plakatar som dei lokale skulane skulle få.

LES OGSÅ: Ikkje liksom-forsking

Framtida: Angrar de no på manglande høgdetrening før turen?

Erik: Nei, men me har ikkje komme til høgda heilt endå. Me kjem nok til å betala for det på Strynefjellet. Kjartan køyrer endå. Det virkar som han greier seg. Han er i toppform når det kjem til køyring. Han har faktisk trent med køyring til Strømstad på søndag og Bergen på måndag. Staminaen er god.

Grunnlova, sjølve hovudpersonen, har det og fint etter forholda.

Erik: Grunnlova har det veldig bra. Det er klart at den har levd ei stund no. Du ser på ho at ho har vore ut og inn av bilar og diverse. Men den er veldig fin. Imponerande at ho held så godt som ho gjer.

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/grunnlovmedungar.jpg

Grunnlova heng litt med lokal ungdom på Vinstra. Foto: Erik Grov.

Medan dei køyrer mot Skjåk får du litt fakta om Grunnlova i baksetet:

Den er laga av tre kapa-plater med skumgummi imellom.

Den vart bygd 5. mai, kvelden før den nynorske grunnlova vart vedteken i Stortinget.

Grunnlova er limt saman med limpistol og trekt saman med raudt stoff (restar etter landsmøtet til Mållaget i Ørsta/Volda i fjor).

I utgangspunktet gjekk det an å opna boka, men ingen hadde ein god idé til kva me kan ha innom. Dessutan regna det 6. mai, så den måtte limast saman.

Grunnlova veg rundt 1,5 kilo.

Den har blant anna vore inne i salen på Stortinget og inne i salen på Eidsvoll i løpet av det korte livet sitt.

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/grunnlosvbubil.jpg

Tradisjonsrik veghindring. Foto: Erik Grov

13.40: Ein sumartradisjon

Erik: Kva er vel sumaren utan bubilar. Er om lag femten minutt etter skjema til Vinstra.

13.30: Det ljomar i aust

Det vart lova allsang i bilen, av den klassiske og nasjonalromantiske «Nordmannen», kanskje betre kjend som «Mellom Bakkar og Berg». Teksten er skriven av sjølvaste Ivar Aasen, og framføringa blir gjort av Erik Grov og Kjartan Helleve frå Noregs Mållag. Sjå det her, nyt det når du vil.

13.25: Miging i vegkanten

Erik: Det ser ut til at me blir litt forsinka til Vinstra. Det er voldsom treig trafikk grunna alle turistane. No er det pissepause, me snakkast!

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/leikegrunnlov.jpg

Ein rask stopp for leik og lufting av Grunnlova i Lilleputthammer. Det virkar som at både Kjartan og Grunnlova kosar seg. Foto: Erik Grov.

12.42: Gravemaskinteljing

Rundt 12.30 er Kjartan, Erik og Grunnlova på Lillehammer, men dei stoggar ikkje der. Vegen går direkte til Vinstra, om dei skal halda timeplanen.

På Vinstra møter dei ordføraren, som har lova å henga opp grunnlova på kommunehuset. I tillegg blir ho hengt opp på biblioteket.

Framtida: Kva har vore høgdepunktet så langt?

Erik: For meg var det stas å komma til Hamar, og å bli filma av rikskringkastinga. Folk sto verkeleg og venta, og det var stort for dei. For Kjartan var det nok å komma inn i grunnlovssalen, og å ha med seg boka i armane. Det var der ho høyrde heime.

Framtida: Det er rundt ein time til de når Vinstra. Korleis fyller de tida?

Erik: Eg et. Når me når Øyer skal me synga «Nordmannen».

Framtida: Har de nokon billeikar gåande?

Erik: Me tel gravemaskiner. Til no ha me komme til 503. Det var veldig mange rundt Minnesund, og ein gravemaskinbutikk på Hamar. Eg tullar ikkje.

Det er lov å tvila litt på det høge talet, men det har trass alt vore ein del vegarbeid. No flyt derimot trafikken godt, og det er lite som kan hindra dei i å nå Vinstra til rett tid.

Til slutt, ei lita oppdatering:

Erik: Grunnlova har det bra. No kiker sola fram, soltaket er tilbake.Me køyrer veldig trygt, med cruise control på fartsgrensa. Dekoren har slutta å flassa.

12.03: Plakat til årdøl

Framtida: Får de delt ut mange plakatar?

Erik: Me har delt ut. Traff ein årdøl midt på Hamar Torg. Barnebarnet hans fekk ein plakat.

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/stortinget.jpg

Leiar i det lokale mål- og dialektlaget på hamar, Jens Haugan saman med stortingsrepresentant Karin Andersen (SV). Foto: Erik Grov

11.30: Tilbake i rute

Forsinkinga vart ikkje så ille som me først trudde. Eit kvarter forsinka rulla grunnlova inn på Hamar, og dei har no reist vidare og er i rute.

Erik: Fantastisk på Hamar! Det var eit stort presseoppmøte. NRK med både TV og radio, og ein eller to lokalaviser.

I tillegg til pressa møtte dei leiaren i det lokale mållaget, og stortingsrepresentant Karin Andersen (SV). Ho kom rett frå Brüssel, var med i kontroll- og konstitusjonskomiteen som utarbeida grunnlova på nynorsk og var i alt begeistra for prosjektet.Trass i at ho ikkje ville kalla seg sjølv ei målkvinne, fortel Erik.

Erik: Men det finst ein målmann, eller det meir kjønnsnøytrale målperson, i oss alle.

Framtida: Korleis er forholda i bilen?

Erik: Me har funne niste til Kjartan, det er opphaldsvêr. Dekoren har slutta å flassa, og trafikken flyt fint.

Ei kort og grei oppdatering medan bilen køyrer i retning Lillehammer. Neste stogg er Vinstra, og der dei etter planen skal vera framme kl. 13.30

LES OGSÅ: Slik «skriv» du sognemål

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/grunnlovspresse.jpg

Lokalpressa møtte opp i monn. No kan både Kjartan og grunnlova reknast som kjendisar. Foto: Erik Grov

10.38: Bak skjema

Framtida: Rakk de fram til Hamar i tide?

Erik: Nei. Framleis ikkje framme.

Grunnlova med sjåførar har med andre ord hamna eit lite stykkje bak skjema. Kva konsekvensane blir i det lange løp, gjenstår å sjå.

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/baksetet.jpg

Grunnlova ligg i baksetet, og frys førebels ikkje. Foto: Erik Grov

10.31: Temperaturen stig

Framtida: Korleis har Grunnlova det? Har ho fått eit teppe?

Erik: Neppe teppe. Har skrudd opp varmen.

Medan me ventar på oppdateringar om vegarbeidet og turen mot Hamar, kan me gå litt i historia.

1814, året då Grunnlova vart skriven var eit travelt år for Noreg på mange måtar. Me hadde tre kongar, Frederik 6., Christian Frederik og Karl 13. 16. mai 1814 vart Riksforsamlingen einige, og vart datert dagen etter – dagen som er vår nasjonaldag.

Bakgrunnen for Grunnlova var at me løyste opp det dansk-norske eineveldet, men allereie i november same år gjekk me inn i union med Sverige. Det førte med seg ei større omskriving av den originale grunnlova. Ikkje på nynorsk den gongen.

LES OGSÅ: Sarkasmedronninga som målbind nett-trolla

10.17: Flass og inngrep

Erik: Bil-dekoren har byrja å flasse. Vil den halde i regnet? Kjartan påpeiker at vegarbeidet er eit stort inngrep i naturen. Eg likar gode vegar.

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/vegarbeid.jpg

10.01: Vegarbeid

Erik: Komne til Minnesund, her er det vegarbeid og det går treigt.

Framtida: Korleis har de to det, fysisk?

Erik: Eg har det bra, men eg smurde niste og kokte kaffi på termos før turen. Eg trur kanskje eg mistar nista til Kjartan, blodsukkeret hans er dalande. Mitt er slik det skal vera. Det er litt motgang med vegarbeidet no, farten er på 43 km/t og dalande, slik som blodsukkeret.

Neste stogg for Grunnlova er Hamar, der dei møter det lokale dialekt- og mållaget, og blir filma av NRK Hedmark og Oppland. Deadline er 10.30 i Hamar, og ifølgje GPS-en skal dei komma fram 10.33. Men det er uvisst om GPS-en tek høgde for vegarbeidet.

Utanom deadlinepress, går det elles fint i bilen.

Erik: Me sit kledd i like hettegensarar, og har ikkje gått tom for samtaleemne endå. Kjartan har gløymd solbriller, men det går fint då det regnar. Bensinstanden er på 83 prosent, og me har ikkje sjekka bensinprisane endå.

09.55: Teknisk suksess

Erik: Komne oss ut av sykkelløypene og opp på E6. Funne ut korleis soltaket fungerer.

Ifølgje yr.no er det utrygt for regn på Eidsvoll no, så det enorme behovet for soltak har kanskje ikkje meldt seg heilt endå.

LES OGSÅ: Rekordmange vil på festspela

09.48: På historisk mark

Erik:  Medlemer frå Øvre Romerike Mållag og Toten dialekt- og Mållag. veldig hyggeleg med offisiell utsending frå Eidsvoll 1814. Fyrste gong på Eidsvoll for meg og Kjartan.

Første mål for reisa er nådd! Den historiske Eidsvollbygningen, der grunnlova vart forma for 200 år sidan.

 

https://framtidablogg.files.wordpress.com/2014/06/eidsvoll1.jpg

Kjartan Helleve (t.h) gir ei nynorsk grunnlov til lokale dialekt- og mållag, medan den faktiske Grunnlova flottar seg for kamera. Foto: Erik Grov.

Kl. 09.16: Radio silence

Etter planen skal Grunnlova vera framme på Eidsvoll, men me har ikkje høyrt noko meir. Er alt bra med sjåførane og grunnlova? Pulsen stig.

Kl. 08.41: Å vestland, vestland

Erik: Me gler oss til vestlandsvegane

Dei er det diverre eit stykkje til endå. På vegen skal Grunnlova innom Hamar, Vinstra og Skjåk – men aller først Grunnlovsbygningen på Eidsvoll.

Kl. 08.24: Kaffi på termos

Framtida: Korleis går turen så langt? Er de utkvilde?

Erik: God stemning og kaffi på termos. Held både timeplan og fartsgrense. Fint ver. Grunnlova helsar frå baksetet.

Etter planen skal dei vera framme i Eidsvoll kl. 09.00

Kl. 07.59: Me er på veg!

Grunnlova har reist frå Oslo! Snuten er sikta mot Eidsvoll, som er første stogg på reisa. Der møter mållags-representantane og grunnlova blant andre leiar i Toten dialekt- og mållag.

Kl. 07.28: Ventar på bilen

Erik: #nynorskgrunnlov kan brukast i dag, kanskje?

Heilt rett! Vil du følga turen frå Twitter, er det emneknakken #nynorskgrunnlov som gjeld i dag – bruk og den om du vil hiva ut ein kommentar til turen eller nyttig lokalkunnskap.

Bli med på turen! Legg att ein kommentar her, på Facebook eller på Twitter med emneknaggen #nynorskgrunnlov

Bli med grunnlova på turné

Faktaboks

6. mai 2014 fekk me ei grunnlov på nynorsk

No skal grunnlova, i fysisk form, fraktast til Ørsta i anledning Dei nynorske festspela.

Festspela startar torsdag 26. juni, og varar heile helga.

Sjåførane til grunnlova er Erik Grov og Kjartan Helleve frå Noregs mållag.

Ruta blir slik:

08:00 – Avreise frå Oslo

09:00-09.30 – Eidsvoll

10:30-11:30 – Hamar

13:30-14:30 – Vinstra

16:15-17:15 – Skjåk

Dei satsar på å vera framme i Ørsta rundt 20.30

Møter du bilen på vegen, ta kontakt! Då får du ein plakat med den nynorske grunnlova til å henga på veggen.