Russebil godkjent for rulling

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Russebilen besto eksamen

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

– Har de ikkje russekort? Nei, då vert ikkje bilen godkjent.

Forsøk på humor frå dei tilsette ved vegtrafikksentralen i Hovdebygda, då dei opna dørene for ein gratis kontroll av russebilar onsdag. Men for jentene på bilen Ferrytale var det likevel ingen problem. Bilen var i så god stand at godkjenningslappen vart utdelt likevel, mangel på russekort til trass.

– Bilen har vi kjøpt i Bergen, kan Eirin Løvik, Elisabeth Ulvestad og Andrea Vik Lauvstad fortelle. Saman med tre andre veninner har dei jobba med å style Ferrytale sidan i fjor sommar.

– Då vi kjøpte bil var vi ute etter ein bil som var i god motorisk stand, slik at vi kunne ha fokus på å lage han til innvendig. Det har vore svært lærerikt. Vi kan meir om bil no enn vi gjorde før for å seie det slik.

LES OGSÅ: «Russebussen får eit ufortent dårleg rykte»

Tre bilar med manglar
I forkant av russetida tilbyr Statens Vegevesen gratis sjekk av russebila og -bussar over heile landet.

Totalt var det 11 bilar som var inne på kontroll i Ørsta onsdag. Av dei 11 var det åtte som fekk godkjenning som russebil.

– Vi hadde ein bil som mangla bremse bak, og to andre med småmanglar som leidningar og sikringar, ting som kan vere brannfarleg, fortel kontorsjef køyretøy i Statens vegvesen, Sverre Bigset.

– Totalt sett er vi godt nøgde, og det at vi fann desse manglane viser kor viktig det er at vi held slike kontrollar. Målet deira er nemleg å gjere russetida tryggast mogleg for russane.

– Det er ikkje bilen det skal stå på i alle fall, når det gjeld å kome seg velberga gjennom russetida, seier han. Det meste vert sjekka, frå understell til tak og inni både motor og opphaldsrom i bilen.

Alle bilane er EU-godkjende frå før, men den ekstra sjekken gir russane eit godkjent-merke på bilen som gjer jobben lettare for politiet. Ser dei at bilen er godkjent som russebil, treng dei ikkje å stoppe han for kontroll.

På Facebook-sida «Russ på hjul» og på nettsidene til Statens Vegvesen finn du meir informasjon, som er nyttig når du skal kjøpe, selje, byggje om eller sjekke russebilen eller –bussen.

Sjå ein bilmekanikar sjå over russebussen, steg for steg: 

LES OGSÅ: Får ikkje lov å vere med på russebuss

Påskjønning
Natt til søndag braka russetida laus. Jentene på Ferrytale legg ikkje skjul på at dei har store forventningar. Russebilen er ein stor del av det.

– Det er tradisjon for å ha russebil. Vi må nesten ha det skal vi kome oss til dei mange arrangementa. Men russebil kostar også pengar.

– Det er dyrt ja, og vi har brukt mykje pengar på å lage han fin inni. Men vi har vore flinke til å ha dugnader og har teke på oss småjobbar for å tene inn litt, i tillegg til at vi har sponsorar. Dessutan reknar vi med å få selt bilen att, slik at vi ikkje skal gå med tap.

Og namnet Ferrytale er heller ikkje tilfeldig valt.

– Vi kjem frå Dalsfjorden alle som er på bilen, så vi er avhengig av ferje for å kome oss til skule. Det er litt intern humor.

Etter 1. mai står arrangementa i kø for russen i tida framover. Mellom anna er det russetreff i Ørsta 13. mai, der russ frå heile Søre Sunnmøre samlar seg.

– Og skulearbeid?

– Skule, kva er det? seier Eirin Løvik lattermildt.

– Nei da. Det er mykje gøy som skal skje i tida framover, og vi har gledd oss og førebudd oss i lang tid, men vi skal også fikse skulearbeidet og ta dei ulike tentamenane vi har no i russetida. Russetida er ei påskjønning til oss sjølve etter alle åra med skule.