Er dette strengaste skulen i russetida?

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ved Noregs Toppidrettsgymnas er dei leie av lang russefeiring, skriv NRK.no. Lillehammer-skulen innfører no heilt nye reglar for russefeiringa.

LES OGSÅ: Russearrangør meiner russetida er for lang

Det er berre mellom 1. mai og 17. mai det er lov med russeklede på skulen. Å delta på russebuss er utelukka, ifølgje daglig leiar og sportsdirektør Trond Hårberg.

Blant russen sjølv er reaksjonane delt, fortel russepresident Ane Elisabeth Haugen til NRK.no. Mange satsar veldig på idretten og er mindre opptekne av russetida, medan mange er skuffa over at dei ikkje får bruke kleda dei har kjøpt.

LES OGSÅ: Russen har moral – den er berre litt annleis