Renessanse for smedfaget

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Smedfaget hadde ein nedgang på 60-talet, men no er det kome ein renessanse for smiing, fortel Benjamin Kjellman-Chapin, fagansvarleg på smedlina på Handverksskolen på Hjerleid.

LES OGSÅ: Treskjeraren frå Gran

Skitne arbeidarar
Skulen tok for første gong imot elevar på VG2-smedlina hausten 2012. Det andre kullet med smedar er no i gang med å lære seg handverket. Dei varmar og hamrar til daudinghovud. Hørselsvern er påbode. Det er industrielt og skittent. Etter at arbeidsdagen er over må dei koste opp sot. Det er ikkje til å unngå å få det på hender og andlet.

I dag er smedlina på Hjerleid den einaste av sitt slag i landet, men til neste år opnar ei ny smedline i Odda, knytt til det gamle smelteverket.

Oddasmio, bygd i 1907, er Noregs største industrismie. Norsk Smedforening var for ei tid tilbake uroa for framtida til smia, men no vert det pusta nytt liv i dei gamle glørne.

LES OGSÅ: Gullsmed med sølvstreng

Freda yrke
Smedane på Hjerleid kan verte arkitektursmedar, som smir mellom anna rekkverk og smijarnsportar. Eller dei kan livnære seg med å smi spesialverkty – som dreiejarn og meisel – for trearbeidarar.

Både Kjellmann-Chapin og lærlingansvarleg Heidi Karsten fortel at det er utfordrande å skaffe lærestad for små freda yrker. Smedlæraren meiner likevel at at dei som verkeleg vil og undersøkjer moglegheitene sine finn ein lærestad. Likevel, det har vore gode søkjartal på Noregs einaste smedline dei to første åra.

– Eg vil gjerne arbeide som smed eller børsemakar, fortel Bendik Nilsen Bergendal (20) frå Tvedestrand, som har søkt om lærestad i Trondheim.

Han byrja på smedlina etter å ha lært seg handverket som børsemaker på Guldal vidaregåande skule i Trondheim. Som børsemaker har han ein fordel fordi han kjenner godt til materialet stål, men elles er det lite smiverksemd hjå norske børsemakarar.

Smedeleven har tru på at det går ann å skaffe seg eit levebrød som smed, men er klar over at ein må vere villig til å arbeide for det. Dei fleste av årets elleve smedelevar vil kome til å arbeide med andre ting.

LES OGSÅ: – Me er eigentleg for seint ute

Saka fortset under biletet.


Til den amerikanske høgtida halloween laga smedane eigne utsmykkingar.

Skjulte smedar
– Det er ikkje slik at arbeidsmarknaden higer etter fleire smedar, medgjev Bendik Selfjord Eriksen, formann i Norsk Smedforening.

Han har ikkje tal på kor mange smedar som er i Noreg i dag, men fortel at det er mange som driv på hobbybasis og mange som ikkje praktiserer yrket. Satsar ein som smed må ein rekne med å verte sjølvstendig næringsdrivande.

– Vår største utfordring framover er å betra kunnskapen om smedyrket og kva det vil seie å vere smed i 2013, seier Eriksen.

Òg smedlærar Kjellmann-Chapin meiner at det er smedane si største utfordring å verte synlege.

– Det handlar veldig lite om hestesko, ein del lagar spesielverkty for mellom anna tømrarar, medan nokon smir kunst og brukskunst til folk som vil ha noko unikt til heimen sin, fortel Selfjord Eriksen.