– Me er eigentleg for seint ute

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Er eigentleg for seint ute

Ordet næming er kanskje noko ukjend, i alle fall i våre dagar. Ein næming er ein lærling eller elev, ein som tileignar seg kunnskap og vidareformidlar denne.

Næmingordninga er ei foreløpig ei prøveordning som er ei vidareutdanning for tømrarar. Tanken er å utdanne folk praktisk i til å ta vare på gamle byggjeteknikkar. Det er eit utøvande fag, ikkje om handverk, men i handverk.

LES OGSÅ: Kjærleik ved første blikk

Stort behov
Riksantikvaren har registrert over 500.000 bygningar i Noreg som er bygd før 1900 -eller før 1945 i Finmark – i sitt SEFRAK-register.

– Før eller seinare er det mange hus som vil trenge restaurering, seier Harald Ibenholdt hjå Riksantikvaren.

Han fortel at mange hus vert borte fordi ingen tek vare på dei. Riksantikvaren reknar med at rundt 50.000 norske bygg treng restaurering. Det er både freda bygg, bygg i verneverdige område og andre bygg av kulturhistorisk verdi.

–Til det arbeidet er det trong for mange typar handverkarar, bekreftar Ibenholdt.

– Me er eigentleg for seint ute, seier Steinar Moldal, ein av initiativtakarane til næmingordninga.

LES OGSÅ: Jobbar 14 timar i døgnet

Næmingbachelor
Prøveordninga starta opp i 2007. Det var eit samarbeid mellom Riksantikvaren, Rørosmuseet, Senter for bygdekultur på Dovre og Geitbåtmuseet i Møre og Romsdal.

Tre næmingar i kvart av fylka Oppland, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag spesialiserte seg i ulike tradisjonelle byggjeskikkar spesielt for eit område. I ein treårsperiode får dei løn og reelle restaureringsoppdrag under utdanninga, som no ser ut til å kunne få bachelorstatus.

Det er Høgskulen i Sør-Trøndelag (HIST) som har teke på seg hovudansvaret for å utforme ei fireårig bachelorutdanning for næmingane. På det raudgrøne forslaget til statsbudsjett har dei fått pengar til åtte studieplassar. Tanken er at det skal vere ein bachelor i 2015.

Moldal og medinitiativtakar Jon Bojer Godal vonar ein bachelor vil auke interessa, men meiner at den spreidde regionale tilknytinga er viktig. Planen er at næmingane framleis skal vere tilsett utfor høgskulen, slik at dei får noko løn under utdanninga.

LES OGSÅ: Arbeidsinnvandring får unge til å sky byggfag

Stort arbeid
Dei ferdige næmingane manglar ikkje arbeid. Det er stor bruk for folk med restaureringskompetanse. Det er alle mogelege bygg i eit utal ulike teknikkar som treng å restaurerast. Gardsbruk, kyrkjer  og forsvarsbygg for å nemne nokon.

I den samanhengen vert dei åtte næmingane som startar opp denne hausten få, og det vil truleg ikkje vere mangel på arbeid i framtida heller.

Saka held fram under biletet.


Næming Alf Reidar Melvær Vadøy har teke med seg kunnskapane sine heim til Bremanger.

– Meir utfordrande
Alf Reidar Melvær Vadøy (27) frå Bremanger i Sogn er ein av i alt 15 næmingar som har vorte utdanna sidan det første pilotprosjektet vart starta i 2007. Han har spesialisert seg i reiste konstruksjonar og har hatt som sitt hovudprosjekt å restaurere nokre gamle handelsbuder faren eig på heimstaden.

No skal han fungere som rettleiar for dei nye næmingane som startar i november. Handverkaren føretrekk heilt klart å arbeide med gamle hus.

– Det er mykje meir spanande og utfordrande. Moderne systemhus er heilt like, medan ein på gamle hus må arbeide med det ein har, meiner Vadøy, og legg til:

– For å behalda byggjeskikkane må ein vete korleis det er gjort.

Unge som tileignar seg kompetanse i gamle teknikkar for så å vidareformidle kunnskapen er ein av grunntankane i næmingordninga.

– Det er mykje basiskunnskapar som moderne handverkarar ikkje har fått med seg. Me fer inn i skogen og finn det materialet me skal nytte. For så å øksa, høvla og saga det til, fortel Godal.

Lafteboka
I tillegg i å rettleie næmingar arbeider Moldal og Godal på ei bok om lafting. Her er det næmingrettleiar Henning Olstad som er eksperten. Han har restaurert lafta bygg i 25 år og held kurs på Hjerleid skule og handverkssenter på Dovre. Sjølvsagt bur han òg i eit lafta hus.

Bokprosjektet får støtte av Norsk handverksutvikling, og til neste år skal dei tre reise rundt i Noreg å sjå på gamle laft. Over 100 ulike teknikkar frå ein tusenårsperiode skal inn mellom to permar.

Mange hus står i dag for fall og det er framleis avgrensa med plassar for næmingar. Dei vonar at ordninga vert meir attraktiv, utan å verte meir teoretisk, med eit offisielt bachelorpapir. Dei peikar òg på at unge vel vekk tømrarfaget, mellom anna fordi det er få moglegheiter til å stiga i gradene. Kanskje kan næmingeordnininga vere ei løysing på det problemet. Men likevel, ikkje alle bygg kan reddast.

– Me kan ikkje ta vare på alt og det vert difor òg eit omfattande prioriteringsarbeid for næmingane, seier Moldal.

Faktaboks

Næming

• m1 (jamfør næm) person som nyleg har teke til å lære seg noko, som øver seg i noko, nybyrjar, (uøvd) lærling, elev. (Nynorskordboka)
• Starta opp i 2007 i samarbeid med mellom anna Riksantikvaren, fylkeskommunane Oppland, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag, Innovasjon Norge, Senter for bygdekultur, Rørosmuseet og Geitbåtmuseet.
• Vidareført i Oppland og Møre og Romsdal i 2010.
• Er eit treårig lønna opplæringsprogram.
• 15 næmingar har vorte lært opp sidan starten.
• 8 nye næmingar startar opp i år.
• Næmingordninga skal etter planen verte eit fireårig praktisk bachelorprogram hjå Høgskulen i Sør-Trøndelag i 2015.