Professor: – Kjøt kan vere like sunt som fisk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kjøt kan vere like sunt som fisk

– Når dyra berre får gras, eller grovfôr, veks dei saktare. Men kjøtkvaliteten blir veldig god, seier den økologiske bonden Heinrich Jung frå Åsnes i Hedmark til NRK.

Feittsyresamansetninga i kjøtet blir annleis, og kjøtet blir ei like god omega-3-kjelde som fisk, meiner han og får støtte frå akademisk hald.

LES OGSÅ: Her er landets eldste ku

Anna Haug, prosessor i husdyrfag ved Norges miljø- og biovitskaplege universitet, viser til amerikansk forsking som viser at omega-3-delen blir mangedobla dersom kyrne et gras.

– Tal frå USA viser at forholdet mellom omega-6 og omega-3-feittsyrer er 20 til 1 dersom dyra får maisbasert fôr. Men har dei berre fått gras, er forholdet berre 2 til 1.

Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking tilrår at vi et maks fem gonger så mykje omega-6 som omega-3, men mange får i seg både 10 og 20 gonger meir omega-6. Samtidig påpeiker Haug at det står betre til i Noreg og at dei fleste norske kyr et ein del gras. (©NPK)

LES OGSÅ: Alle kyr får åtte veker «ferie»