Alle kyr får åtte veker «ferie»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kyr får åtte veker «ferie»

Kyr på bås har allereie hatt denne retten i mange år, men no skal også kyr i lausdriftsfjøs få lov til å nyte sommaren i friluft.

Dei har allereie meir fridom til å røre på seg enn kyr på bås, sidan dei kan bevege seg fritt i fjøset. Men kyr på bås har hatt rett til sommarbeite i åtte veker sidan 1997. Den retten kjem lausdriftskyr til gode først i 2014.

Bonde Gustav Thorsø Mohr frå Fredrikstad har hatt kyrne sine på beite i mange år, men han er likevel kritisk til den nye ordninga som gjer åtte vekers beite til eit krav.

– Det blir meir jobb, heilt klart. Og det vert kravd meir areal, som eg eigentleg kunne ha produsert korn på. Det må eg i staden produsere gras på til beite for kalvane. Og så veit vi frå tidlegare erfaringar at små kalvar legg på seg dårlegare på gras enn om dei står inne og får servert maten. Så vi må nok tilleggsfôre litt ute på beite, og det tar jo også ekstra tid, seier Thorsø Mohr til NRK.

LES OGSÅ: – Dei store partia tek dyrevelferd lite seriøst

Dyrevelferd
Men sjølv om den nye regelen kan by på utfordringar for nokre bønder, er han viktig for å sikre dyrevelferda for norsk storfe, seier veterinær Lars-Erik Rondestveit i Mattilsynet.

– Det gir betre velferd for dyra, og det gir også betre helse. Dyra får jo gå ut i sola og ete grovfôr. Og dei vil kunne bevege seg betre, noko som er bra både for musklar og skjelett, og det er jo også viktig at dei får mosjon, seier Rondestveit.