– Pimp bunaden din!

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire enn to av tre norske kvinner har bunad, ifølgje Norskflid Husfliden. Men ikkje alle føler seg frie i bunaden. Janne Hagen er blant dei som har utfordra konvensjonane og fått sydd om bunaden sin.

– Kvifor skulle eg, den dagen i året eg treff flest folk – og alle skal vera litt fine, kle på meg den fasongen eg kler dårlegast av alle fasongar? spør ho i handarbeidsbloggen på Aftenbladet.no.

Sjølv har ho fått mor si til å sy om rogalandsbunaden sin, slik at den har fått høgare liv. Og så har ho kombinert den med raud skjorte og flygelskjal.

LES OGSÅ: I strid og skriv

Vil ha bunadsdebatt

Jorunn Osland, lektor ved Nasjonalt Garborgsenter tek Janne Hagen og alle andre som utfordrar bunadspolitiet i forsvar.

– Slik Hulda Garborg brukte bunaden hadde nok blitt slått ned på av bunadspolitiet – sjølv om ho starta det heile, seier Jorunn Osland.

Hulda blir av mange rekna som mor til bunaden slik me kjenner den i dag. Ved byrjinga av 1900-talet kombinerte folk gjerne silkehanskar og panama-hattar med bunad.

– Ho gjekk sjølv med ein forenkla hallingdrakt. Sannsynlegvis berre fordi ho syntest den var fin – me kjenner ikkje til at ho hadde tilknyting til Hallingdalen. Det er jo forbode av bunadspolitiet, seier lektoren ved Nasjonalt Garborgsenter.

Jorunn Osland vil ha diskusjon om bunadspolitiet og fridom til å bruka bunaden slik ein vil. Ho spør om bunaden er i ferd med å bli ein uniform som nektar folk å uttrykkja seg sjølv.

– Det er eit veldig dyrt plagg, og folk må føla at dei eig det, seier Osland.

Ifølgje ho er bunadspolitiet å finna blant kvarmannsen.

– Dess meir kunnskap ein har, dess rundare i kantane er ein, seier Jorunn Osland.

Og når det gjeld Rogalandsbunaden, seier ho dette:

– Rogalandsbunaden er blant dei mest oppkonstruerte, eller minst ekte om du vil. Den byggjer ikkje på nokon lang drakttradisjon, men fekk sin endelege utsjånad på 70- og 80-talet.

LES OGSÅ: Trendy med menn i bunad

#PimpDinBunad

Nasjonalt Garborgsenter oppmodar no folk til å senda inn bilete av pimpa bunader på Instagram og merka dei #PimpDinBunad.

– Kan ein kombinera kva som helst til bunaden?

– Nei, det kan godt vera ei grense. Men det må vera lov å diskutera. Det er alt for mange bunadspoliti der ute, seier Jorunn Osland, museumslektor ved Nasjonalt Garborgsenter.

– Eg meiner ein kan gjera det ein vil med eigen bunad. Gjer ein store endringar, får det heller bli ein diskusjon om det kan kallast ein bunad lenger, legg ho til.

– Kva med joggesko til bunaden? Går det?

– Eg forstår godt dei som vil bruka joggesko. Eg synest vel ikkje det er det finaste, men eg trur ikkje Hulda hadde slakta det. Personleg ville eg nok vald svarte og diskrete joggesko, seier Osland.

– Kva er den mest spesielle bunadskombinasjonen du har sett?

– Bunad og boblejakke er jo litt spesielt, og i alle fall ikkje særleg fint.

Sjølv har Jorunn Osland tenkt å pimpa opp bunaden sin med eit babysjal på nasjonaldagen.

QUIZ: Kva veit du om Grunnlova vår?

Sjå bilde av pimpa bunader under:

Kva meiner du? Er bunadspolitiet for strenge? Bør ein få bruka og tilpassa bunaden sin som ein vil?

Faktaboks

• Hulda Garborg var ein pådrivar for bunadsbruk, og har fått mykje å seia for utviklinga av den norske nasjonaldrakta.
• Garborg gav mellom anna gav ho ut boka Norsk Klædebunad i 1903, med utvida utgåve i 1917, og gav råd om kleda i bladet For bygd og by i ei årrekkje.
• Hulda meinte tradisjonelle klede burde brukast i det daglege, men at ein då ofte måtte tilpassa dei til nye føremål.
• Ein burde kunna sy bunaden sjølv, med norske materiale.
• Garborg sette òg eit skilje mellom broderte og ikkje-broderte bunader, der dei førstnemnde som regel burde brukast til fest og dei sistnemnde til kvardags.
• Sjølv brukte Hulda Garborg ein forenkla hallingdrakt.

Les meir om Hulda Garborg på Allkunne og Wikipedia!