I strid og skriv

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– Kampsakane til Hulda og Arne Garborg, det dei skreiv om og var opptekne av, er veldig aktuelt i dag, forklarar Gunhild Hammeraas, utstillingsansvarleg ved det nyopna Garborgsenteret på Bryne. Og trekkjer fram det norske språket og målstriden, likestilling mellom kvinner og menn, kjærleik og ekteskap, som nokre døme.

Derfor er denne tematikken i fokus, saman med diktinga og liva ekteparet levde. Senteret har ungdom som hovudmålgruppe, og frå opninga i september har mange skuleklasse vore innom.

Skrivande menneske
Forfattaren, avismannen, samfunnsdebattanten og målmannen Arne Garborg vaks opp i Time kommune, der Nasjonalt Garborgsenter vart plassert. Hulda kom frå Hedmark, verka som forfattar, var med på skipinga av Det Norske Teateret og gav oss mange av landets bunader slik vi kjenner dei i dag.

– Ekteparet fekk fram det dei meinte gjennom det dei skreiv, og dei verka i ei veldig spanande tid. Mange har lese Fred eller Bondestudentar fordi dei har måtte i skuledagane, men kanskje er andre av bøkane til Arne Garborg meir interessante. Vi ynskjer uansett å gjere det enklare å verte kjent med større delar av arbeidet deira, forklarar Gunhild Hammeraas.

LES OGSÅ: Garborgsenteret klart for opningsveke

Meir enn kjedelege dikt
– 
Tidligare tenkte vi på Arne som ein litt gretten gamal mann som sat og skreiv kjedelege dikt. Hulda visste vi ikkje meir om enn at ho var kona hans og at ho var oppteken av bunadar. Men no har vi fått eit heilt anna inntrykk, for mykje av det dei skreiv var veldig bra og så stod dei for det dei meinte, fortel Kelly Rusnes, Marita Baklund og Kristin Frafjord. I to år har dei vore med i senteret si referansegruppe, med planleggingsprosess og arbeid for å gjere senteret attraktivt for andre ungdommar.

– Vi tykte det høyrtes kjekt ut og så er det fint med tanke på CV-en. Så likar vi at så mykje er laga for ungdommar, med bruk av skjermar og annan ny teknologi. 

Film og rollespel
– Vi ynskjer at folk skal lære av å gjera, seier Hammeraas. For Garborgsenteret vil vera eit opplevingssenter, der ein får innblikk gjennom filmar og bøker, infoskjermar der ein kan bla i Garborgavisa Den 17de mai og ta quizar, lyttestolar der kan høyre alt frå radioprogram med ekteparet til Valkyrien AllstarsÅ gjev du batt meg. Blant dei mest populære aktivitetane er rollespelet Strid, der deltakarane vert delt inn i lag og målet er å vinne ei folkerøysting.

– Striden står mellom norsk og engelsk. Då vi tenkjer at det er språka ungdom brukar om kvarandre, er det den naturlege problematikken å gripe fatt i. Fokus er på språk som identitetsmarkør og som del av demokratiet, held Hammeraas fram.

LES OGSÅ: Bli venn med Arne og Hulda

Annleis
På Garborgsenteret er det ingen montrar, skrivebord frå 1800-talet eller bunader. Det er derimot eit diktarhjul, ein døypefont og andre ting ein kan ta på.

– Det er nok annleis enn mange har innbilt seg, men folk vert positivt overraska og tykkjer det er kjekt. Sjølv om nokon har sakna ein Hulda-drakt, er det helst folk frå den eldre garde, forklarar Hammeraas. Ho peikar også på at senteret skal vera ein plass der det skjer ting, om det er foto- eller filmkonkurranse, forfattarvitjingar eller standup.

– Det er viktig å nå mange folk og vi ynskjer å vera ein synleg plass, seier Gunhild Hammeraas. Også referansegruppa vil at folk skal finne vegen til det nye bygget på Bryne. 

– Marknadsføring er veldig viktig og så må det alltid vera eit bra opplegg. Om eit år finn ein ut om senteret har treft eller bomma, men vi trur det kjem fleire folk etter kvart, avsluttar Kelly Rusnes, Marita Baklund og Kristin Frafjord.

Faktaboks

Nasjonalt Garborgsenter
• 
Opna 7. september i år, som ein del av Jærmuseet.
• 
Ligg på Bryne, Time kommune på Jæren.
• 
Skal vera ein nasjonal formidlingsarena for å fremje interessa for Arne og Hulda Garborg, og tankane og ideane deira. 
• 
Hovudmålgruppa er ungdom frå 15 til 25 år og unge vaksne.