Ordførarmakt gir veljarflukt for Høgre og Frp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tilbakegangen på heimebane er størst for Frp. Partiet mister nesten kvar tiande veljar i kommunar der dei sit med ordføraren, ifølgje berekningar som Poll of polls har utført.

Basert på dei siste lokale målingane, og samanlikna med kommunevalet i 2011, går Høgre tilbake 5,5 prosentpoeng i Høgre-styrte kommunar, Frp fell 8 prosentpoeng i sine kommunar, medan Arbeidarpartiet går fram 2,6 prosentpoeng i kommunar med ein Ap-ordførar.

LES OGSÅ: FRP-nestleiar spår kommunekollaps

Skatt og velferd
Parlamentarisk nestleiar og kommunalpolitisk talsperson for Arbeidarpartiet, Helga Pedersen, meiner tala både speglar ei generell politisk stemning i landet og lokale forhold.

– Ap er mot skattekutt fordi vi meiner det er viktigare å bruke pengane på eldreomsorg og skule i kommunane. Frp og Høgre har derimot gått til val både lokalt og til Stortinget på at store skattekutt skal kombinerast med større satsing på skule og eldreomsorg. No ser folk at dette ikkje lar seg gjennomføre i den politiske kvardagen, seier Pedersen til NTB.

LES OGSÅ: Botnrekord for FRP i mars

Kjelde til inspirasjon
Generalsekretær Lars Arne Ryssdal i Høgre seier at tala er ei kjelde til inspirasjon i forkant av valkampen.

– Vi har definitivt ambisjonar om å heve oss, ikkje minst i Oslo og Bergen. Men også Drammen, der målingane sprikjer, men der den siste målinga som ligg inne i Poll of polls-materialet er svak for vår del, seier Ryssdal.

Ryssdal legg til at berekningane kan gi eit upresist bilete fordi ulike målingar vekter mot høvesvis kommunevalet i 2011 og stortingsvalet i 2013.

LES OGSÅ: Solberg teke på senga av Høgre-brev om kommunereformen

Trur på trenden
Høgre har 125 ordførarar, Ap 155 og Framstegspartiet 11. Dermed blir også grunnlagsmaterialet mindre treffsikkert for Frp enn for dei to andre partia.

Fem lokale målingar ligg til grunn for Frp-tala, mot 42 målingar for Høgre og 33 målingar for Ap.

– Statistikken viser eit skjelvt bilete. Med berre 11 ordførarar kan enkeltståande lokale målingar gi svært store utslag. Den generelle trenden er at vi gjer det bra på målingane, og vi gler oss til vår første valkamp som regjeringsparti, seier Frp-ordførar Terje Søviknes i Os kommune.

Nasjonale nivå
Gjennomsnittet i dei lokale målingane gir Frp ei oppslutning på landsbasis på 11,4 prosent – noko som er identisk med kva partiet fekk ved lokalvalet i 2011.

Tilsvarande har Høgre for tida eit nasjonalt nivå på 24,1 prosent – ned 3,9 prosentpoeng frå 2011-valet.

Arbeidarpartiet får eit nasjonalt nivå på 34,7 prosent i Poll of polls-berekningane. Det er opp 3 prosentpoeng frå 31,7 prosent ved 2011-valet.