Botnrekord for Frp i mars

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan Poll of pollsstarta med utrekningane sine i januar 2008, har Frp aldri hatt eit gjennomsnitt på 10-talet. Før no. Snittet av ni nasjonale meiningsmålingar i mars, gir partiet ei oppslutning på 10,4 prosent.

Det er ein tilbakegang på 0,8 prosentpoeng frå sist månad. Frp har falle samanhengande sidan statsbudsjettet vart lagt fram i fjor haust, då partiet vart målt til like over 14 prosent.

LES OGSÅ: Fleirtalet trur regjeringa blir sitjande

Høgre-framgang
Regjeringspartnar Høgre opplevde på si side eit tilsig i mars. Oppslutninga auka med 1,5 prosentpoeng til 22,8 prosent, men framleis ligg Høgre 4 prosentpoeng under nivået før statsbudsjettet vart lagt fram i fjor haust.

Samla får Høgre og Frp 33,2 prosent oppslutning, noko som ville gitt 60 mandat på Stortinget dersom mars-snittet hadde vore val. Til saman 17 representantar ville måtta forlata Stortinget med eit slikt resultat.

Over fire av ti
På den andre sida av midtstreken ligg Arbeidarpartiet stabilt på det nye høge nivået. Ein tilbakegang på 0,5 prosentpoeng frå februar gir likevel eit gjennomsnitt på 41,4 prosent.

Ap ser 40-talet på åtte av ni meiningsmålingar som vart tekne opp i mars.

Det er den femte månaden på rad der fleire enn fire av ti veljarar samlar seg om Ap.

Arbeidarpartiet ville fått ei stortingsgruppe på 75 mandat med slike tal i eit val. Det er 15 fleire enn Høgre og Frp til saman.

LES OGSÅ: Aukande misnøye over innsatsen til regjeringa

Sidan 2009
For dei andre partia er det berre små endringar frå februar til mars, men likevel med nokre interessante utslag.

KrF aukar med 0,2 prosentpoeng til 5,5 prosent. Det er den sterkaste månaden til partiet sidan november i fjor – men kanskje viktigare: den tredje sterkaste månaden sidan oktober 2009.

Senterpartiet aukar med nøkterne 0,1 prosentpoeng til 5,8 prosent. Det er likevel nok til at mars 2015 blir den sterkaste månaden til Senterpartiet sidan september 2009.

Venstre fell med 0,3 prosentpoeng til 5,5 prosent. Det er det svakaste Venstre-snittet i nokon månad sidan juni 2013.

Ap + KrF = sant?
Fordelt på talet på mandat ville Nydalen-kvartetten med regjeringspartia og støttepartia KrF og Venstre fått 78 sete i Stortinget dersom mars-snittet hadde vore val. Det er 18 færre enn det dei fire oppnådde ved valet i 2013, og sju representantar mindre enn kva som må til for å trygga fleirtalet.

På den andre sida ville den raudgrøne koalisjonen med Ap, SV og Senterpartiet fått 88 mandat og fleirtal.

Men også eit tenkt tilfelle der KrF byter side ville kunna ført til regjeringsmakt for Jonas Gahr Støre. Ap og KrF ville samla hatt 85 mandat med mars-tala bak seg.

Miljøpartiet Dei Grøne gjekk tilbake 0,3 prosentpoeng, men held på dei to mandata frå februar. Raudt er inne med eitt mandat med ei oppslutning på 1,5 prosent i mars. (©NPK)

LES OGSÅ: Noreg gir 750 millionar til Syria-offer