Nytt parti vil avvikla vintertid

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det var ein som sa til oss at det berre er snøsokkar som stiller til val, og ingen han kan stemma på. Difor ville han gå og stemma blankt. Det ville me gjera noko med, seier Kristian Skumsnes, toppkandidaten til den nye vallista i Fitjar, Fitjarlisto.

Med sju namn på lista innfrir dei akkurat Vallova sitt krav til å stilla liste. Dei nødvendige underskriftene for å stilla liste skaffa dei siste dagen før fristen gjekk ut.

– Me har ei sak me vil kjempa for, men den er meir global. Me vil ha slutt på vintertid. Den har ofte gjort at det har tulla seg til for folk, og er heilt unødvendig. Det blir den første kampsaka vår, seier Skumsnes til sunnhordland.no, og presiserer at det er klokkesnuinga dei vil til livs – ikkje den kalde årstida.

Helsefarleg
Partiet i øykommunen i Hordaland er ikkje det einaste som er stifta i kampen om tida. For vel to år sidan i Queensland i Australia starta det eit nytt parti for innføring av sommar og vintertid. Og i Russland går debatten høgt om reduksjon i talet på tidssoner og sommartida.

QUIZ: Kva veit du om lokaldemokrati?

Ei svensk undersøking frå 2008 viser at det er større risiko for hjarteattak dei første tre dagane etter at klokka er stilt til sommartid. Undersøkinga viser òg at det er litt mindre risiko for å få hjarteattak dei tre dagane etter at det har blitt vintertid.

LES OGSÅ: Kampen om sommartida