Kampen om sommartida

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om du ikkje har fått det med deg: klokka to natt til sundag 27. mars blei klokka plutseleg tre.

Sommartida vart først foreslått av Benjamin Franklin i eit essay så tidleg som i 1784, men vart ikkje tatt i bruk før første verdskrig, ifølgje Wikipedia. Tyskland var først ute i 1916, og deretter fulgte Storbritannia. Tanken var å utnytte betre sommarmånadene med lys ein time ekstra om kvelden, og minske energibruken.

Sommartid er politikk
Sommartid er omstridt i mange land, noko som fører til at ulike regjeringar gjer sommartid gjeldande eit år, mens neste år følgjer normaltid igjen. Datoen for sommartid blir i mange land bestemt for eit år av gongen og kan bli endra på kort varsel av spesielle omsyn. I Europa var det i 2007 berre Island som ikkje hadde sommartid, men i Russland går debatten om både sommartida og dei mange tidssonene. I 2010 kutta dei talet på tidssoner frå ni til elleve. Dette medførte store protestar i dei austlege delane av landet. President Medvedev har uttala at talet på tidssoner skal ned til fem. Dette skal spara landet for pengar, og styrkja posisjonen til landet.

I Storbritannia er det fleire som har teke til orde for å få same tid som sentral-Europa. Kampanjen 10:10 meiner at det skal vera mogleg å spara 400.000 tonn CO2 på å skru klokka permanent ein time fram.

Frå 2007 vart sommartida utvida i store delar av USA og Canada med fleire veker, frå andre søndagen i mars til første søndag i november. Argumentasjonen for utvidinga var energisparing.

I desember 2008 blei "Daylight Saving for South East Queensland" registrert som politisk parti i Queensland i Australia. Partiet stilte til val for å få innført sommartid i landsdelen. Det gjekk ikkje. Partiet fekk berre 2,5 prosent av røystene i dei valkrinsane dei stilte.

Helsefarleg?
Ein viktig grunn til å ha sommar- og vintertid er å la oss få mest mogleg solskin så lenge me er vakne. Solskin er den viktigaste kjelda vår til D-vitamin som er viktig for mange ting, mellom anna opptak av kalsium.

Men når den russiske president Medvedev har snakka om å kutta ut sommartida, har han skulda på helserisiko.

Ei svensk undersøking frå 2008 viser at det er større risiko for hjarteattak dei første tre dagane etter at klokka er stilt til sommartid. Undersøkinga viser òg at det er litt mindre risiko for å få hjarteattak dei tre dagane etter at det har blitt vintertid.

Kva meiner du? Er det bra med vinter- og sommartid?