Nytt asylmottak for ungdom

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Sunnhordland.

I går vedtok formannskapet i Stord kommune å ta imot 35 flytningar i år, som skal busetjast i kommunen. No er det også klart at det blir oppretta eit nytt asylmottak på Stord. I ei pressemelding frå kommunen heiter det at den store straumen med asylsøkjarar i Europa er bakgrunnen for at Utenriksdirektoratet (UDI) no opprettar eit nytt mottak på Stord.

Mottaket skal husa einslege mindreårige, og skal vera på Litlabø. Det skal vera plass til 40 ungdommar mellom 15 og 18 år.

LES OGSÅ: Starta sirkusskule på asylmottak

– UDI har gjennom mange år hatt eit godt samarbeid med Stord, og ser på Stord som ein erfaren og god vertskommune for mottak, seier seniorrådgjevar Sissel Mehammer i UDI.

Driftsoperatør Marianne Hoff Hjertås i Hoff Mottaksdrift, som skal driva mottaket, seier at dei har vore på synfaring med Frontagruppen, som eig komplekset på Litlabø.

– Me fann ut at dette anlegget var godt eigna og hadde ei aktuell plassering i trygge omgjevnader, seier Hoff Hjertås.

Det nye mottaket vil føra med seg om lag 14 nye arbeidsplassar. Ordførar Liv Kari Eskeland (H) er glad for at det nye mottaket blir lagt til Stord.

– Dette kan vera med på å hjelpa ein pressa situasjon for dei som no står i ein vanskeleg situasjon. Eg er sikker på at Stord-samfunnet vil ta varmt imot dei som kjem, seier Eskeland.

LES OGSÅ: Krev betre vilkår for asylborna