Starta sirkusskule på asylmottak

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho har arbeida som alt i frå vitskapeleg assistent til gartnar, og har attpåtil vore med på å starte ein sirkusskule.

– Eg valde utdanninga mi med så stor omhug som ein kan gjere når ein er 18 år. Journalistutdanninga i Bergen hadde fått mykje kritikk, medan journalistutdanninga i Sheffield var både praktisk og akademisk, og passa veldig godt for meg fordi mykje var obligatorisk.

Frå England til «Etterlyst»
Kulturkrasj var ikkje eit problem ved å bu så langt heimanfrå. Ho lærte seg heller eit triks eller to.

– Vi budde på ein katolsk studentheim, der det var forbode å sleppe inn gutar. Portane vart låste klokka ti, så eg måtte klatre over det to meter høge gjerdet med spisse spir på toppen for å kome ut. Alle gjorde det, seier Gudbrandsen.

Ho fekk også jobb i TV3-programmet «Etterlyst» medan ho studerte i England, og då ho skulle heim til Noreg for å delta i programmet vart ho stoppa i tollen.

– Eg veit ikkje om eg hadde med meg for mykje vin, men eg vart i alle fall stoppa, og på spørsmålet om kva eg skulle i Norge svarte eg at eg skulle arbeide i «Etterlyst». Tollaren vifta meg rett i gjennom – det viste seg at tollarane hadde eit blad ved same namn.

Bilen full av popkorn
I ein deltidsjobb på eit asylmottak utførte ho fleire utradisjonelle arbeidsoppgåver.

– Eg var med på å starte ein sirkusskule for borna på mottaket. Eller, det vil sei, eg hadde bil, og den brukte dei heile tida til å frakte borna frå og til skulen med. Det var vel mitt viktigaste bidrag. I bilen var det popkorn over alt, og det lukta ei blanding mellom popkorn og sur mjølk.

Somme gonger måtte ho også stille opp for ungdommane på andre måtar.

– På asylmottaket kom vi veldig tett på kvardagen til ungdommane som budde der. Ein gong måtte eg trøste ei jente som hadde blitt dumpa av kjærasten, ein av gutane på mottaket. Det hadde ikkje gått heilt opp for ho at det var over, og eg måtte overbevise ho om at det var slutt.

Grasklipping i Drammen
Kommentatoren har mykje forskjelleg på merittlista si, men ho har ikkje berre hatt relevante og utfordrande jobbar gjennom studietida.

– Ein sommar arbeida eg som gartnar i Drammen, og køyrde grasklippar ein heil sommar med P3 på øyrene. Eg har også hatt haugevis med dårleg betalte journalistjobbar i lokale medier, både i TV og aviser.

Les saka i Studvest!

Faktaboks

Namn: Frøy Gudbrandsen.
Alder: 35 år.
Utdanning: Doktorgrad i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen (UiB) frå 2012 med seks vitskapelege publiseringar frå 2005 til 2013. Bachelorgrad i journalistikk ved Universitetet i Sheffield frå 2000.
Karriere: Kommentator i Bergens Tidende. Leiar av Byluftslista frå 2011. Forskningsassistent ved Institutt for samanliknande politikk ved UiB frå 2005 til 2006. Organiserte sampol-konferansa ved UiB i 2005.