No kjem den første emojien med sjal

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje Emojipedia kan du gle deg til 69 nye emojiar på telefonen din denne sommaren. Viss du til dømes skal ete og til du , kan du no fortelja om det med iPhonen utan å bruka ein einaste bokstav.

Den japanske oppfinninga emoji er for lengst blitt ein del av kvardagen for nordmenn i (nesten) alle aldrar. Ordet har òg fått inpass i den nynorske ordlista der det vert skildra som eit «lite bilete som symboliserer eit omgrep, til dømes ei kjensle; ideogram».

I 2014 var emoji på topp ti lista over årets ord, men måtte sjå seg slått av ordet framandkrigar.

Meir mangfald
Dei gule andleta har dei seinare åra vorte meir naturtro og inkluderande, ei utvikling som held fram med den nye lanseringa.

 Etter at 15 år gamle Rayouf Alhumedhi etterlyste ein emoji som ho sjølv kunne identifisere seg med, kjem det no ein emoji med sjal på hovudet.

Apple har endå ikkje funne plass til ei nikabkledd kvinne, det dei derimot har funne plass til er ei kvinne som ammar

Yogisar og skjeggebassar
Både yogaentusiastar, trollmenn, vampyrar og menn med skjegg  får også sin del av kaka.

   Ikkje minst framstår fleire av dei nye emojiane som kjønnsnøytrale, og det er difor grunn til å feire med det nye  .  

I den rike samlinga av flagg kjem det også tre nye, Skottland, England  og Wales. Kanskje er det eit frampeik på resultatet av den nye skotske folkerøystinga om sjølvstende frå England?

LES OGSÅ: Kunstmuseum stiller ut dei originale emojiane