Moralisme på tomgang

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

KOMMENTAR:

Mykje har vorte sagt under ordskiftet om romfolk i sumar. Ikkje alt har vore like klokt. I eit stort intervju med Klassekampen sa Schengen-motstandar og integreringsminister Inga Marte Thorkildsen mellom anna dette: «SV er jo motstandere av Schengen og EØS. Den diskusjonen tar vi når som helst, men ikke akkurat nå.» Og grunnen til at ho ikkje ville taka diskusjonen no, var at diskusjonen handla om dei vanskelegaste utslaga av Schengen, nemleg at det er langt fleire tiggarar og kriminelle i gatene våre. Og her høyrer det som alltid med å nemna: Nei, ikkje alle romfolk er tiggarar og kriminelle. Men dei er ek­stremt overrepresenterte på desse felta. Då politiet kontrollerte identiteten til 69 tiggarar på Karl Johan i sumar, synte det seg at 68 var registrerte med brotsverk.

Det Thorkildsen derimot ville tala om, var det ho sjølv eller stråmannen hennar trudde var grunnlaget for at mange er frustrerte over problema som romfolket skaper: «Det har blitt skapt et inntrykk av at de kommer hit for å få vann og toaletter. Men det er ikke sånn at man reiser fra barna sine for å gå på do. Sånn er det ikke.» Nei, det trur ikkje eg heller. Eg trur ikkje at det finst ein einaste nordmann som trur at romfolket dreg frå borna sine i Romania for å kunna gå på do i Noreg.

Nei, ikkje i Noreg
Men så kom det, det som faktisk overraska meg: «Romfolket blir utsatt for diskriminering over hele Europa. Det er lite kunnskap om dette i Norge, men jeg tror ikke vi skal lure oss til å tro at vi er annerledes enn andre land i Europa.» Dette er enkelt og greitt ein feilaktig påstand frå Thorkildsen. Ja, romfolket vert utsett for ekstrem diskriminering i Europa. I Italia brenner folk ned leirar og jagar romfolk, og ofte skjer dette medan politiet berre ser på. I Ungarn, i Romania og i ei rekkje andre land vert romfolk drepne langt oftare enn gjennomsnittsfolkesetnaden, og det samstundes som dei får eit langt dårlegare vern av statsmakta. Vi gjer ikkje slikt i Noreg, vi har ikkje som i Ungarn nynazistar som jaktar på romfolk i gatene samstundes som partiet deira sit i parlamentet.

Jamvel om eg som konsekvensetikar meiner vi gjer mykje som ikkje nyttar, har nordmenn i eit sinnelagsperspektiv faktisk all mogeleg grunn til å vera stolte over det dei har freista å gjera for å nedkjempa fattigdom. Dei menneska som bur rundt leiren på Årvoll, betaler i gjennomsnitt over 50 prosent av inntekta si i skattar og avgifter, dei er med på eit av det største spleiselaga i verdssoga. Minst 700 milliardar av statsbudsjettet er overføringar frå folk som har litt meir, til folk som har litt mindre. Sjukehus, distrikt, skule, trygd – svært mykje av det vanleg norsk mellomklasse hentar inn av verdiar, vert nytta til å nedkjempa ulikskap og fattigdom. Og denne omfordelinga kjenner korkje kjønn, etnisitet, tru eller rase. Alle norske statsborgarar og svært mange utanlandske nyt godt av desse ordningane.

Men nokre grupper får av historiske grunnar meir enn andre, dei minoritetane som vi ikkje utan grunn har dårleg samvit overfor, til dømes romfolk. Kor vellukka desse satsingane er, kan vi diskutera. Særleg romfolk med norsk statsborgarskap har fått store overføringar per person. Vi har freista, men sanninga er at mange frå romfolket ikkje likar storsamfunnet, dei tek gjerne mot pengar, men dei ynskjer ikkje å verta ein del av det konforme sosialdemokratiet. Fram til sigøynarkontoret i Oslo vart nedlagt grunna manglande resultat, var det brukt millionar per sigøynar i Oslo.

Moralisme
Men – og her kjem det viktige inn: Noreg har truleg noko over fem hundre romfolk med norsk statsborgarskap; vi har råd til å prøva å hjelpa desse. Vi har derimot ikkje råd til å lata som om vi kan gjera noko for kvar ein europear med rombakgrunn. Velferdsstaten vår er bygd på at vi har råd til å hjelpa nokre av di mange er i stand til å yta. Å framstilla folk på Årvoll spesielt, eller nordmenn generelt, som rasistar av di dei ikkje ynskjer velferdshopping, tigging og tilgrising, er moralisme på tomgang. Om det finst eit folkeslag som verkeleg er snilt – ja, dumsnilt – her i verda, så er det faktisk nordmenn. Vi betaler mest skatt, vi gjev mest i u-hjelp, vi har dei lægste sosiale skilnadene i verda, lista er svært lang.

Og av di snille og naive folk vel snille og naive politikarar, får vi truleg ikkje ei løysing på romproblematikken i Noreg. For løysinga er sjølvsagt å føra inn att tiggarforbodet og lausgjengarlova. Om folk som ikkje kan dokumentera sjølvbergingsevne eller fast tilhaldsstad, veit at dei vert tekne av politiet, vil dei slutta å koma hit. Når rykta byrjar å gå i det rumenske rommiljøet om at dei vert arresterte for ulovleg camping, for tigging og annan type asosial åtferd, er problemet løyst for Noregs del.

Det er ikkje mange år sidan Noreg hadde den typen lovverk, men i takt med at vi har vorte rikare, og i takt med at vi har fått stadig dårlegare samvit for denne rikdomen, har vi gjeve ordensmakta stadig mindre handlingsrom. Eg trur det skal langt meir til enn romfolk for å endra den norske naiviteten. Når ein minister ikkje eingong vil tala om konsekvensane av Schengen, er angsten for å seia noko feil komen langt.

Les òg: Tiggarar i Noreg er ikkje kriminelle

Grenser for velferdsstaten
Men slik er Noreg: Dei som er mest ivrige i forsvaret av ein stor velferdsstat, er dei same menneska som undergrev han. Skattenivå, overføringar og fattigdomsnedkjemping er alt eit resultat av høg tillit i folkesetnaden, utrygge gater underminerer både solidariteten og tilliten. Romania har, som dei skal etter EØS-avtalen, fått milliardar i overføringar frå Noreg, men det er faktisk grenser for kva den norske velferdsstaten kan gjera for ikkje-nordmenn. Schengen er ikkje eit underbruk av NAV.

Les saka i Dag og Tid!