– Tiggarar i Oslo er ikkje kriminelle

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tiggarar ikkje kriminelle

Ada Engebrigtsen har forska på romfolket både i Noreg og Romania i fleire år, og har og, i tillegg til mange samtalar med tiggarar, lese litteratur, reportasjar og lesarinnlegg om temaet dei siste åra.

Notatet Tiggerbander og kriminelle bakmenn eller fattige EU-borgere? handlar om dei nye tiggarane og andre nye fattige i Noreg. Ho peikar på at sigøynarar har vorte handsama dårleg i Noreg tidlegare òg.

Rom i Romania – et liv i fattigdom
Dei fleste romfolk i Romania er av dei fattigaste i landet. Mange bor i slumområde i byane eller i landsbyar som ingen andre vil bu i lengre.

På landsbygda har dei aller fleste landsbyar rom eller andre sigøynargrupper som har busett seg i utkanten. Her bur dei stort sett i hus utan innlagt vatn og med jordgolv, dei yngste går sjeldan på skule, og dei vaksne er stort sett arbeidslause og driv med på dagsarbeid, småsal,  utføring av tenester for lokale folk, grise- og hestehald, av byttetransaksjonar og tigging.

Ulike rumenske regjeringar har sett i gang ei rekke tiltak for å betre situasjonen til sigøynarane. Til tross for betring dei siste åra, gjer den økonomiske situasjonen saman med denne folkegruppa sin ofte totale mangel på grunnutdanning, migrasjon til den mest rasjonelle løysinga for mange, fortel Engebrigtsen. Mange vanlege rumenarar fortel at sigøynarar ikkje treng hjelp frå andre, dei klarar fint sjølve å skaffe seg enorme summar og eigedomar.

Slik trur mange rumenarar at dei fleste sigøynarar bur, og media rapporterer ofte om slike "sigøynarpalass". Bilete: Mike Lewis/Flickr/CC-lisens.

Rumenarar i Noreg
Det er mange årsaker til at rumenarane kjem til Noreg, nokre kjem som høgt utdanna akademikarar og fagarbeidarar eller gjennom ekteskap med norske borgarar, ein del kjem som arbeidarar utan kontrakter. Nokre kriminelle i Romania utvidar verksemda til resten av Europa, og ein del kjem som "gatearbeidarar", i hovudsak dei som kalles sigøynarar, rom og liknande minoritetar, for å spele, samle, selje, tigge og liknande.

Ektepar og familiegrupper
Hovedmønsteret blant tiggarane i Oslo er at det er ektepar i 40-50-åra som kjem. Nokre har vaksne born med seg, nokre reiser i store familiegrupper, men utan born. 40-50-åringar i Romania er besteforeldre med stort sett vaksne born.

– Sigøynerne veit kva som er mogleg og tillate i dei ulike landa, og tek ikkje sjansen på å ta med det vi betrakter som born hit. Vanleg giftealder blant rom i Romania er 14-16 år, så frå den alderen reknast ein ikkje lenger som born, men som ansvarlege vaksne som ofte har eigne born, fortel Engebrigtsen.

Gatearbeid
– I Noreg er tigging berre den mest synlege av dei verksemdene som inngår i dei tilreisande tiggarane sitt repetoar, difor er gatearbeid ei meir passande nemning på verksemda deira, meiner Engebretsen. – De fleste samlar òg flaskar, klede og gjenstandar frå søppelcontainarar og sel det dei kan få tilgang til. Nokre er musikarar, andre har lånt eit trekkspel dei ikkje kan spele på.

Kor mykje tener dei på tigging?
– I Noreg tener tiggarane, etter min berekning, gjennomsnittleg 20-40 kr timen, altså langt under det ein skulle tru var eksistensgrunnlag, påpekar Engebrigtsen. Fem personar kan saman tene kr 1500,- per dag. Trekkjer ein frå 500,- til overnatting pluss 200,- til mat, sit dei att med 800,- per dag til saman, som etter tre månader kan bli til rundt 60 000,-. Fråtrekt kr 1000,- til reisa tur/retur og nokre tusen til andre utgifter, kan dei sende minst 45000,- heim til Romania. Det betyr ca 2700,- per person per månad.

I Romania tilsvarar snittløna 2800,- kr per månad, men det er langt over kva ein rom kan forvente viss han/ho får arbeid i det heile. Tigging og gatearbeid løner seg berre når det er ein kollektiv strategi, når ein kan dra nytte av storhusholdning og når fortjenesten skal brukast direkte i ein annan økonomisk realitet, understrekar Engebrigtsen.

Ingen bakmenn
Sjølv om det er lønsamt for tiggarane å tigge utanfor Romania, er ikkje overskotet stort nok til å vere interessant for eventuelle bakmenn, hevdar Engebrigtsen. Det er i hovudsak prostitusjon og vinningskriminalitet som er lønnsamt nok til at andre kan utnytte det, ikkje tigging. Menneskehandel kan finnast innan desse folkegruppene òg, men dette er heller unntak.

Forskaren fortel at dei langvarige arbeida hennar blant rom i Romania og Noreg òg har lært henne at denne befolkningsgruppen er spesielt på vakt mot økonomisk utbytting.

Skam
Engebrigtsen syner korleis rom-tiggere og moglegvis tiggarar generelt kan halde på sjølvrespekten ved å avvise den moralske domen vår over dei. Ho skildrar òg kor vanskeleg det kan vere for nordmenn å møte tiggarar på gata. I eit samfunn som vårt der likskap er ein sentral verdi, utfordrar dei fattige vår sjølvforståing ved nærværet sitt.

Andlet til andlet med tiggarar blir vi stilt ovanfor ein annan røyndom der økonomisk ulikskap er regelen, og der dei fattige ikkje berre syner fram skammen sin, men òg vår, fordi vi er rike blant fattige.

– Ved å avvise tiggarar forsterkar vi vår eigen skamkjensle over å vere rike, ved å gje stadfestar vi han og forsterkar samstundes det vi opplever som mottakarens skam over å vere fattig, peikar ho på.

Forby tigging eller gje til tiggarar?
Møtet med ein tiggar og vårt eige ubehag kan taklast på ulike måtar: Ein strategi er å prøve å unngå møtet, ein annan er å sjå på dei fattige som svindlarar (dei er ikkje eigentleg fattige), ein tredje er å la dei skulde seg sjølv (dei er late og vil ikkje jobbe).

Men ingen av desse strategiane er særleg vellukka; å fjerne tiggarane heilt er tilsynelatande for mange den beste løysinga, men inneber andre dilemma. Utvising og forbod mot innreise vil vere eit brot på EU-retten borgarar har til fri ferdsel, og å forby tigging vil anten ramme òg norske narkomane eller vere eit brot på rasismeparagrafen i menneskerettskonvensjonen.

– Ein fjerde strategi er å gje pengar, fortel forskaren, og mange gjer dette. Vi ser òg at organisasjonar som Kirkens bymisjon, Folk er folk og liknande engasjerer seg i livssituasjonen til tiggarane.

Når dei same rumenarane kjem attende år etter år, tyder det at dei tener meir på gatearbeid i land som Noreg enn dei kan i Romania, og det tyder at ein god del menneske gjev dei pengar.

– Eg er òg oppteken av å diskutere tiggaranes plass i velferdsstaten og kamp mot fattigdom i Europa på tvers av nasjonalstaten, understrekar Engebrigtsen.

– Dei offentlege diskursane handlar om anten ansvarsfråskriving "kast dei ut", eller om medkjensle: "gje dei mat og seng".

– Europa treng ein politisk diskurs om dei fattige sine rettar innanfor EU på tvers av nasjonale grenser som ikkje berre er basert på sympatiske og ofte paternalistiske argument for forståing av situasjonen til tiggarane, men på sivile- og menneskerettar som baserer seg på forsvar for grunnleggjande rettar for alle, avsluttar ho.

Om prosjektet
Notatet er eit resultat av eit NOVA-initiert pilotprosjekt om dei nye migrantane frå Romania som tigg på gatene i dei fleste europeiske land. Datainnsamlinga er hovudsakleg gjennomført i Oslo, men data frå prosjektmedarbeidar Voiculescus' datainnsamling i Edinburgh, Glasgow og Romania er teke med.

Les meir om sigøynarar her(engelsk)

Kjelde: NOVA, encyclopedia.com, Wikipedia

Bør det framleis vera lov å tigga i Noreg? Diskuterer i kommentarfeltet!