Mindreårige får alkohol av eldre venner

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det går det fram av ei ny gransking som TNS Gallup har gjennomført for Vinmonopolet.

I granskinga svarer 40 prosent av dei spurte at dei har fått eldre venner og søsken til å handle for seg på Vinmonopolet, medan 43 prosent har fått andre til å handle alkohol i daglegvarebutikkane.

Les òg: Fire av ti selde øl til mindreårige

Vinmonopolet satsar i vår på ein kampanje for å redusere omfanget av såkalla vennelanging, som er den mest vanlege måten for ungdom i alderen 15– 17 år å få tilgang til alkohol.

– Vinmonopolet har eit viktig samfunnsansvar. At aldersgrensa for kjøp av alkohol vert halden er ein av våre mest sentrale oppgåver, seier Kai G. Henriksen, administrerande direktør i Vinmonopolet.

Vinmonopolets undersøking viser at ungdommane ser på det å kjøpe alkohol til mindreårige som ein venneteneste og ikkje som ulovleg langing.

Les òg: Ingen kunst å skaffe drikke

– Det sosiale presset frå yngre venner om å kjøpe alkohol til dei, kan vere stort. Unge menneske tenkjer tydelegvis ikkje på konsekvensane av å handle for mindreårige. Det er eit faktum at det skjer ulykker, vald og seksuell trakassering som følgje av alkoholinntak. Det er derfor vi har aldersgrenser på alkohol, seier Henriksen.

– Viss vennen din blir skadd, er det alvorleg å ha vore kjelda til alkoholen. Gjer ikkje vennene dine ei bjørneteneste, legg Henriksen til. (©NPK)

Les òg: Ungdom drikk mindre