Ungdom drikk mindre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå ein topp i 2003, er forbruket redusert med rundt 40 prosent, ifølgje tal frå Statens institutt for rusmiddelforsking (Sirus).

Divisjonsdirektør for folkehelse i Helsedirektoratet, Knut-Inge Klepp, meiner tydeleg grensesetjing frå foreldra er ei av årsakene til nedgangen. Direktoratet relanserer no kampanjen «Sette grenser"» som dei har køyrt sidan 2004.

Fleire årsaker
Alkoholforskar Ingeborg Rossow på SIRUS trur det er fleire årsaker til denne nedgangen i alkoholbruk blant ungdom, ein nedgang som ein også ser i andre europeiske land.

Les òg: Drikk mindre når foreldra set grenser.

Totalforbruket opp
Alkoholforbruket i Noreg er det høgaste på over 100 år. I 2009 var det registrerte alkoholforbruket på 6,68 liter rein alkohol per person over 15 år, medrekna det uregistrerte forbruket er det truleg 8,5 liter. Dette er ein auke på 30 prosent i løpet av det siste tiåret. Forbruket i 2009 tilsvarte over 400 flasker øl per person.

Verkemiddel
– Norsk alkoholpolitikk har som mål å avgrensa alkoholskadar som vald og kriminalitet, og at Noreg har lågare alkoholforbruk enn dei fleste landa i Europa. Internasjonal forsking viser at dei viktigaste verkemidla er: Alkoholavgifter, Aldersgrenser, vinmonopol, skjenkjereglar og promillereglar, skriv fylkesmannen på heimesida.
Les saka i Sogn Avis her!