Milan kan seks språk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i avisa Nordhordland.

Allereie som liten gut kunne Milan Chhaganlal prate to språk; indisk og portugisisk.

– Eg er født og oppvaksen i Portugal, men mamma og pappa kjem frå India, og dei har alltid ønska at eg skulle kunne prata deira morsmål, i tillegg til portugisisk – og difor vart det berre slik, seier Milan, som eigentleg ikkje synest det er så spesielt at han har så godt språkøyre.

– Engelsk hadde eg på skulen, men lærde kanskje mest gjennom å høyra på mine to eldre brør, som gjekk på ein engelsk skule i Portugal, fortel den språkrike 26-åringen.

LES OGSÅ: – Lær eit språk, hald hjernen yngre

– Pappa har alltid sagt at å kunna mange språk, opnar fleire dører – og det har eg hatt i bakhovudet heile livet. Det å læra seg så mange språk var aldri ein plan eg hadde, men eg har alltid vore interessert, og det hjelp jo ein god del, smiler han.

Som barn drøymde Milan om å jobba i familiebedrifta i Portugal saman med søskena sine, men då han vart eldre og det var tid for å velja ein retning å gå i livet, bestemte han seg for å flytta til Barcelona for å studera kjemi.

– Familien oppfordra meg til å studera og få ei utdanning, så dei vart veldig stolt og glad på mine vegne då eg fortalde at eg skulle studera kjemi.

Ikkje lenge etter at han hadde flytta til Spania, lærte han seg det spanske språket. Han budde i den katalanske delen av storbyen, saman med fleire andre studentar, og vart etter kvart også god i katalansk, som snakkast av over ni millionar menneske.

– Sjølv om katalansk snakkast av mange i Barcelona, er det ganske annleis frå spansk, så eg måtte praktisera det ein del, for å kunna det flytande.

LES OGSÅ: Kjempar mot rekordstor arbeidsløyse
Milan flytta til Norge og Bergen for tre år sidan, for å skriva ferdig og levera masteroppgåva si innan kjemi.

– Det stod mellom Norge, Polen og Portugal, og då synest eg valet var lett. Eg visste at Norge var eit sterkt land med god kapasitet, og eg såg for meg ein framtid her.

Då den oppegåande portugisaren nærma seg slutten på masteroppgåva, oppsøkte han professoren på Universitetet og spurde om han visste om ein jobb han kunne søka på.

– Snakk om tilfelle! Professoren fortalde meg at Statoil Mongstad søkte etter ein person med akkurat same bakgrunn som meg.

To veker seinare fekk han eit intervju, og få dagar før Milan skulle levere masteroppgåva si, begynte han på sin nye jobb på co2 testsenteret på Mongstad.

LES OGSÅ: Finske elevar skal framleis læra svensk

– Eg vart utruleg glad då eg fekk vita at eg hadde fått jobben. Det var ikkje ein kva som helst jobb heller – Mongstad er ein stor bedrift, det var difor stort for meg å få den beskjeden.

Kjemikaren stortrivst på TCM (Technology Centre Mongstad), kor han jobbar som lab-ingeniør og analyserer mellom anna prøvene som vert tatt på natta.

– Eg legg resultata inn i systemet, tar vedlikehald på alle instrumenta, kontrollerer alle resultata og jobbar med metodeutvikling.

Då portugisaren kom til Norge, prata han fem språk, men norsk var ikkje ein av dei. No, etter tre år i Norge, både pratar han og skriv flytande.

– Norsk har vore det vanskelegaste språket å læra seg hittill, for det er mange ulike dialektar å forholda seg til.

LES OGSÅ: Korttidsminnet viktig for å læra språk

For å læra seg språket innførte dei norske kollegaene til Milan ein «regel», som gjekk ut på at det på fredagar berre var lov til å prata norsk. Til då hadde dei for det meste prata engelsk til Milan, men då portugisaren sa han gjerne villa læra språket, ønska dei å hjelpe han.

– Det var ein utruleg bra måte å læra på. I byrjinga syntest eg det var litt ekkelt og flaut at dei måtte gjenta ting mange gonger for at eg skulle forstå, men eg hadde lyst til å kunne vera med i samtaler blant mine kollegaer, så eg vart betre for kvar dag som gjekk. Etter kvart vart det fleire dagar med berre norsk på laben, og til slutt var det berre norsk det gjekk i, fortel han.

Milan bur i ei leilegheit i Sandviken, og står opp klokka 05.30 kvar dag, for å tå ein direktebuss frå Bystasjonen til Mongstad. Kor lenge, og om han vert buande i Norge for alltid, veit han ikkje.

– Eg har det veldig bra her, og vil bu her så lenge eg kan jobba på TCM – det er draumejobben.

På spørsmålet om han har planer om å læra seg fleire språk, smiler Milan lurt.

– Nja. Planer og planer – eg har ikkje eigentleg det, men ein veit jo aldri!