Meiner selskap tek større klimaansvar

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida.no har tidlegare skrive om organisasjonen Oxfam, som kritiserer dei ti største mat- og drikkevareselskapa for å stå bak like stor utslepp som dei nordiske landa til saman. Oxfam har bede selskapa ta ei meir leiande rolle i kampen mot klimaendringane.

Stiftar og styreleiar i Stordalen Foundation, miljøstiftinga GreeNudge og EAT-initiativet, Gunhild A. Stordalen ser konturane av eit skifte i næringslivet.

– Erkjenninga av at klimatrugselen er reell påverkar i stadig større grad forretningsstrategien til selskap i alle sektorar, også mat- og drikkevarebransjen, skriv ho i ein epost.

LES OGSÅ: Med bismak av klimagass

Byrjar å omstille seg
Stordalen deltok nyleg på klimatoppmøtet i FNs hovudkvarter i New York. Derannonserte mellom anna mat- og drikkevareprodusenten Nestlé atselskapet støttar Caring for Climate – ein internasjonal koalisjon av bedrifter, som arbeider for å styrkje næringslivets rolle i møte med klimaendringar.

Stordalen peikar på at matproduksjon står for 20 til 30 prosent av dei globale klimagassutsleppa. Med trendar som befolkingsvekst og endra kosthaldsvanar som følgje av økonomisk vekst og utvikling, er det estimert at utsleppa frå matsektoren åleine vil nå utsleppstaket for 2-gradersmålet.

Dette vart reflektert under klimamøte i New York, der klimasmart landbruk var ein av åtte fokusområde, og der Global Alliance for Climate Smart Agriculture vart lansert, fortel Stordalen.

Ho ser mange positive signal på at bransjen byrjar å omstille seg.

– Allereie i 2008 starta den svenske hamburgerkjeda MaxBurgers med CO2-merking av mat. Sidan har kjeda laga meir klimasmarte hamburgarar med mindre raudt kjøt og meir vegetariske ingrediensar.  Kjeda er no den raskast voksande fasfood-kjeda. Samstundes tilbyr dei meir klima- og helsesmarte måltid med kylling, fisk og vegetarisk.

Matavfall og palmeolje er andre område der Stordalen ser endring.

– Det er  større merksemd om matavfall, ikkje berre som eit ressurs- og kostnadsproblem, men som eit klimaproblem. Kring ti prosent av dei industialiserte landas klimagassutslepp kjem frå mat som aldri vert ete. Usertifisert palmeolje fører til avskoging og klimagassutslepp, men palmeolje er samstundes eit anna godt døme på at næringa tek ansvar. Både i Noreg og Sverige har ei rekkje store aktørar teke palmeolje ut av sine produkt eller byrja å stille krav til sertifisering, seier ho.

LES OGSÅ: Eit syskenskap djupt som jorda

– Resultata er viktigast
Stordalen tykkjer det er mindre interessant om selskaper gjer forsøk på grønvasking eller om dei av overtyding faktisk tek ansvar.  

– Kva motivasjon selskapa har for å omstille seg er mindre interessant. Det som tyder noko, er kva dei faktisk gjer. For meg er dette konsekvensetikk, seier ho, og utdjupar:

– Vi er midt inne i eit grønt skifte. Meir transparens og meir medvetne forbrukarar stiller strengare krav til bedrifter, samstundes som etterspurnaden etter meir klimasmarte produkt aukar. Strengare regulering av utsleppstung industri og forventing om komande skattar og avgifter medverkar også til at næringa ser etter nye og meir berekraftige løysingar.

– Korleis kan ein som forbrukar vite skilnaden på selskap som tek klimaansvar på alvor, og selskap som ikkje gjer det?

– I dag kan det vere vanskeleg som forbrukar å navigere rett i jungelen av ulike merkeordningar og sertifiseringssystem, og informasjonen er ofte lite forståeleg og vanskeleg å etterprøve. Eit døme er palmeolje, som ofte vert kamuflert som “vegetabilsk olje” og andre ymse namn, seier Stordalen.

– Om forbrukarar skal kunne skilje mellom selskap som tek klima og miljø på alvor, utan å måtte gå selskapa etter i sømmane og lese årsrapportar, treng vi difor solide og kvalitetssikra sertifiserings- og merkeordningar. Å utarbeide eit integrert overvakingssystem og ei merkeordning for matprodukt, som tek omsyn både til helse og miljø/berekraft, og som gjer det lettare å velje rett, er eit av måla for forskingssamarbeidet under EAT, fortel ho.

LES OGSÅ: – Omstillinga må starte i dag