– Omstillinga må starte i dag

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tida minskar. Omstillinga til eit lågutsleppssamfunn kjem uansett, og den vil gå mykje lettare dersom vi har ein plan. Denne planen må politikarar og næringsliv gå saman om å lage, seier talsperson i Grøn Ungdom, Lage Nøst.

Leiar i KrFU, Emil Andrè Erstad, er einig.

– Skiftet kjem uansett, og deadlinen er den same. Vi kan ikkje fase ut oljen i morgon, men omstillinga må starte i dag. Startar vi ikkje no vil vi sitje med skjegget i postkassa, seier han.

LES OGSÅ: – Fornybart er ikkje berre reinliva

Både tradisjonelle og nye yrke
Under det første frukostmøtet til tankesmia Agenda var temaet omstilling til eit samfunn med låge eller ingen utslepp av klimagassar.

– Vi treng ei sosialt forsvarleg omstilling. Kva vil dei nye grøne jobbane vere, spurde LO-nestleiar Hans-Christian Gabrielsen under møtet.

Nøst i Grøn Ungdom meiner spørsmålet om kva dei grøne jobbane skal vere, er heilt sentralt.

– For det første må vi slå fast at politikarane ikkje har fasiten. Politikarar og næringsliv må arbeide saman for å finne nye levevegar etter oljen, seier han.

GU-politikaren har likevel mange tankar om kva vi vil jobbe med i eit eventuelt lågutsleppssamfunn.

– Omstillinga vil i seg sjølv skape jobbar. Eit døme er arbeidet med å modernisere jernbana og utvide jernbanenettet.

Nøst ser også mogelegheiter i tradisjonelle næringar, som landbruk og havbruk. Han peikar vidare på at også det grøne Noreg vil vere eit velferdssamfunn, der behovet for lærarar, sjukepleiarar og andre tradisjonelle yrkesgrupper framleis vil vere stort.

Dessutan meiner han at kunnskapssamfunnet vil spele ei viktig rolle i framtidas Noreg.

– IKT er vi allereie store på, og potensialet for kunnskap, forsking og banebrytande teknologi er stort, meiner GU-politikaren.


Lage Nøst i Grøn Ungdom trur omstillinga i seg sjølv vil skape jobbar. Foto: GU

LES OGSÅ: – Det grøne skiftet er i gang

Arbeide mindre?
Nøst har også store forventingar til den fornybare marknaden – men då må den styrkast.

– Allereie dag har vi ein del veldig gode småbedrifter innan fornybart, men dei har ikkje nokon marknad her heime. Vi har gått glipp av mange moglegheiter allereie. Då Utsira skulle elektrifiserast, kunne vi ha brukt det som ei moglegheit til å starte med havvindkraft. Det gjorde vi ikkje. Vi hadde også ein gryande vekst innan biodrivstoff, men denne vart effektivt felt av avgiftspolitikken. Vi må satse, så ikkje alle investeringar forsvinn i det svarte holet, seier han, og siktar til oljeindustrien.

Er det ikkje ein fare for at utfasing av olje og gass kan skape eit gap i sysselsetjinga?

– Det er absolutt ei reell utfordring. I tillegg effektiviserer vi allereie vekk ein del jobbar i andre sektorar, noko som kan forsterke gapet. Kanskje må vi, i tillegg til å skape nye jobbar, vurdere å redusere arbeidstida, og fokusere på andre mål enn velstand, som livskvalitet, seier GU-politikaren.

Politikarar kan ikkje vedta jobbar
Heller ikkje Tord Hustveit, leiar i Unge Venstre, trur det vil verte noko éin-til-éin-forhold mellom talet på jobbar i fossil og fornybar energi.

– Vi veit ikkje kva Noregs viktigaste næring vil vere i framtida. Nokre heilt nye arbeidsplassar vil oppstå. Desse jobbane er ikkje skapt enno, men vi må ha eit rammeverk som legg til rette for at dei kan oppstå, seier Hustveit, og peikar på at ingen førespegla oljeeventyret på 50-talet, og ei heller Finlands suksess med mobiltelefonar eller Californias suksess innan IT.

Hustveit (bildet) ser føre seg at dei grøne jobbane skal kome frå to kantar.

– For det første treng vi ei stor omstilling i norsk økonomi, der alt vert meir miljøvenleg. Politikarane kan ikkje skape arbeidsplassar, men vi kan lage rammeverket som gjer at dei mest miljøvenlege jobbane vinn fram. Det kan ein til dømes gjere ved å endre skattesystemet. Høgare CO2-avgift og avgifter der forureinaren betalar, vil drive fram ei slik utvikling, seier Hustveit.

For det andre meiner han at politikarane må medverke til byggje ut marknaden for fornybar energi.

– Noko av det viktigaste her er å endre avskrivingsreglane for energi. No er dei svært gunstige for olje, men ikkje for fornybart. Vi har eit felles system med Sverige, men dei gunstige reglane på andre sida av grensa gjer at utbygginga føregår der framføre i Noreg, seier han.

Hustveit meiner dessutan at vi bør byggje vidare på det vi allereie er gode på.

– Innan maritim næring har vi mykje kompetanse, som vil kunne vere eit fortrinn. Vi må ha gode politiske visjonar, men samstundes innsjå at politikarar ikkje kan vedta jobbar. Vi kan berre leggje til rette for at dei oppstår.

LES OGSÅ: – Noreg må kutte 585 prosent

Vender blikket utover
Også leiar i KrFU, Emil André Erstad, meiner at politikarane sin jobb er å leggje til rette for innovasjon, framføre å spå kva vi skal jobbe med. Arbeidsplassane må komme frå næringslivet.

– Eg trur dei eksisterande aktørane, som Statoil, har ei avgjerande rolle å spele, også innan fornybar energi. Globalt trur eg vindkraft, solenergi og vassenergi vil bli viktigare og viktigare. I Noreg trur eg kraft frå vind og bølgjer vil vinne fram.

Som kristendemokrat strekar han under at det er viktig å rette blikket utover og ha eit globalt perspektiv på det grøne skiftet.

– Her kan Oljefondet vere eit effektivt verkemiddel, som kan skape mange jobbar.

Emil André Erstad i KrFU meiner vi også må rette blikket utover i verda når vi snakkar om det grøne skiftet. Foto: KrFU

KrFU gav nyleg moderpartiet eit puff for å fremje eit representantsforslag i Stortinget. Der ber dei mellom anna om at regjeringa set ned eit utval som skal undersøke føremoner og farar ved å investere meir av Oljefondet direkte i fornybar energi. Ikkje gjennom aksjar, men ved å investere direkte i infrastruktur og energiprosjekt, særleg i fattige land.

– Byråkratiet i Finansdepartementet heng nok 10-15 år etter i si oppfatning av kva marknader som er opp og fram og kva Oljefondet bør investere i, sa Erstad til Vårt land i høve forslaget.

QUIZ: Ta den store klimaquizen!

DEBATT: Kvar meiner du dei grøne jobbane bør vere?