Marthe Valle ut mot Listhaug på Facebook

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til åtak på Listhaug sin retorikk

 

«Kjære Sylvi. Mange ganger har jeg kritisert din politikk og retorikk, jeg har brukt krasse ord og vært sint. Nå er det annerledes. Jeg er redd.»

Slik startar innlegget til musikaren Marthe Valle, eit utspel som har fått over 3.000 reaksjonar og delingar på Facebook på under 24 timar. Innlegget held fram:

«Du skal være innvandrings- og integreringsminister. Jeg synes du slipper altfor billig unna hvordan språket ditt har formet debattklimaet det siste året. Jeg synes det er skremmende at du ikke viser at du forstår hvordan retorikken din forsterker rasistiske tendenser og skaper frykt. Tvert imot så sutrer du over at folk misforstår deg, gang på gang. Hva med å erkjenne kraften i språket, Sylvi?»

Ifølgje den samfunnsengasjerte artisten set folk set pris på at ho har sett ord på noko som mange har tenkt.

LES OGSÅ: Politisk korrekte FrP for folk flest

Var på Lesvos i fjor
– Det er ufatteleg trist at ho nyttar menneskeliv til å fremme ein inhuman asylpolitikk. Eg skjemmest, seier Marthe Valle på telefon til Framtida.no.

Valle er utdanna sjukepleiar og har sjølv vore i Hellas for å bistå flyktningane. Ho reiste til øya Lesvos for eitt år sidan, og tilbake til den uoffisielle flyktningleiren EKO i vår, der 60.000 menneske ventar på ein ny plass å bu.

– Sanninga er at situasjonen for flyktningene er verre enn nokosinne, skriv ho.

Noko av bakgrunnen for at Valle reagerer, er utsendinga av sju år gamle Masoud Mousavitil Afghanistan, og måten innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (FrP) nytta saka til promotering av politiske synspunkt i sosiale medier.

Sylvi Listhaug har i det siste vorte svært aktiv på sosiale medier, både med blogg og Facebook-konto.

Dette er viktig signal som når ut til hele verden gjennom New York Times. Trøkket på tvangsretur og kursendringen i…

Posted by Sylvi Listhaug on 14. november 2016

Posted by Sylvi Listhaug on 14. november 2016

I innlegget skriv Valle at ho er redd for at mangel på medmenneskelegheit i retorikken til statsråden endrar vår måte å tenke på.

– Målet med innlegget er at folk skal få med seg kva statsråden gjer. Eg er redd for at vi vert vande til språket hennar. Fram mot valet neste år er det viktig at vi merksame på den inhumane retorikken hennar, seier ho til Framtida.no.

LES OGSÅ: Meiner muslimhat kan styrka jihadistar

– Burde vi ha teke imot mange fleire
På spørsmål om kva statsråden burde ha gjort annleis, svarar Valle slik:

– For det første burde vi ha teke imot mange fleire. Vi bør også gjere noko for å hjelpe dei 60.000 flyktningane som no sit i statlege leirar i Hellas. Listhaug burde også ha ratifisert barnekonvensjonen slik at born som kjem til landet får automatisk vern, seier Valle.

Ho reknar med at statsråden vil kalle henne naiv på bakgrunn av utspelet.

– Eg vert ofte møtt slik, fortel Valle.

Justis- og beredskapsdepartementet skriv i ein epost at dei ikkje hadde kapasitet til å svare på kritikken fredag. Tidlegare denne månaden svarte statsråden på liknande kritikk frå retorikkekspertar i Aftenposten:

«Jeg har en direkte, ærlig og saklig tilnærming til alle saker. Jeg kommer til å fortsette å snakke tydelig og ikke pakke ting inn i bomull. Utfordringer bør belyses og diskuteres, ikke skyves under teppet.»

LES OGSÅ: Røde Kors Ungdom saknar dialog med Listhaug