Meiner muslimhat kan styrkja jihadistar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ytterleggåande oppfatningar kan styrkja kvarandre, seier Øyvind Strømmen.

Han har i ei årrekkje følgt med på høyreekstreme nettdebattantar, og har skrive fleire bøker om kontrajihadisme, internettradikalisering og parallellar til islamisme.

Denne veka snakka han på Samtidsdagane på Høgskolen Stord/Haugesund om det han kallar kumulativ ekstremisme. Muslimhat kan i sin tur vera med på å styrkja ekstreme islamistar.

– Er det noko eg er bekymra over, så er det ein meir polarisert debatt. Det er ein vond spiral. Eg trur det kan bli verre, seier han.

– Jo hardare og meir brutal debatten blir, jo meir trøbbel får me frå dei høgreekstreme. Det har me alt no visse teikn på at me byrjar å få, sa Strømmen.

LES OGSÅ:«Ettertida vil dømme oss hardt»

– Einsame ulvar kjem frå ein flokk
Strømmen viser til kommentarfelt, bloggar og ytringar på Facebook som minner om borgarkrigsretorikk. Det blir snakka om landssvik, forrederi og fleire konspirasjonsteoriar blir lansert.

– Konsekvensen av ein slik retorikk er at nokon kan ta det på alvor. Ein operer ikkje i vakuum. Einsame ulvar kjem frå ein flokk, åtvarar Strømmen.

Han viser til at terroristar som Anders Behring Breivik og Timothy McVeigh ikkje danna meiningane sine heilt fristilt frå samfunnet. Han meiner sjølv han har funne profilen til Anders Behring Breivik på debattforumet Hegnar Online.

LES OGSÅ: Vestlendingar drepne i heilag krig

Ekstra ansvar for Frp
Strømmen meiner det kviler eit ekstra ansvar på høgresida og innvandringskritiske parti som Framstegspartiet om å ta eit oppgjer med innvandringsfiendtleg muslimhets.

– Dei har større sjanse til å få gehør, seier han og legg til at han meiner nyttårstalen til Erna Solberg var eit gledeleg oppgjer med den harde retorikken som har blitt brukt i innvandringsdebatten.

Politisk redaktør i Bergens Tidende, Frøy Gudbrandsen, deltok i ein panelsamtale med Strømmen på Samtidsdagane. Ho meiner òg nyttårstalen til Solberg var viktig.

– Forsking på haldningar har vist at politikarane har større påverknad på vanlege folk enn ein gjerne har trudd. Det bør dei ta inn over seg, sa ho.

LES OGSÅ:Utnyttar sårbare ungdommar til terror

Viktigaste spørsmålet i i overskodeleg framtid
Gudbrandsen har skrive doktorgrad om innvandringspolitikk i Skandinavia og meiner innvandringsspørsmålet blir det viktigaste spørsmålet i overskodeleg framtid.

– Stemninga har snudd og snudd, og snudd igjen, seier ho.

Dagleg leiar i den minoritetspolitiske tenketanken Minotenk, Linda Noor, deltok også i panelsamtalen om kva innvandringskrisa gjer med oss både i Noreg og i Europa.

– Det er eit bakteppe som gjer situasjonen ekstra betent. Det har vore terror på europeisk jord, det er framandkrigarar som ein fryktar kan koma tilbake, det er frykta for at det skal koma IS-krigarar i flyktningstraumen og me har hendingar som i Køln, sa ho.

Ho fryktar at konfliktnivået vil stiga dramatisk dersom liknande hendingar skulle skje i Noreg.

LES OGSÅ:Fryktar ikkje radikalisering i Noreg etter Paris-terror

Linda Noor (t.h.), Sten Inge Jørgensen, Øyvind Strømmen og Frøy Gudbrandsen deltok i ein panelsamtale om kva innvandringskrisa gjer med oss på Samtidsdagane denne veka.