– Mållaget må ta sin del av skulda for nynorsksvekkinga

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mållaget må ta sin del av skulda

Etter at leiaren i Studentmållaget i Oslo tidlegare denne hausten skreiv eit lesarinnlegg om alarmerande dårlege nynorskkunnskapar har Lektorlaget og Mållaget peika på dårleg nynorskopplæring i heile skuleløpet.

Diffust skilje
I tillegg meiner altså leiar i Norsk Lektorlag Gro Elisabeth Paulsen at:

– Mållaget må ta sin del av skulda for nynorsksvekkinga.

Grunnen til dette er at ho meiner Mållaget har vore så bestemt på at nynorsk er talemålsprega, at dei ikkje har lukkast å setja eit klart skilje for om nynorsk skal vere eit skriftspråk eller skrive talemål.

Det har gått ut over formalkunnskapane og forvirrar bokmålselevar ytterlegare, forklarar Paulsen på telefon til Framtida.no.

LES OGSÅ: Grepstad: – Fleire skriv dialekt

Talemålslina frå 80-talet
Denne kritikken er mållagsleiar Marit Aakre Tennø langt frå einig i.

– Denne kritikken fell litt på si eiga urimelegheit, sidan det ikkje er Mållaget som verken normerer eller driv med språkopplæring. Det er det staten som gjer. Eg reknar med ho siktar til slagord som: «Snakk dialekt, skriv nynorsk.» Det går sjølvsagt an å kritisere Mållaget for talemålslina på 80-talet, men det er nesten 40 år sidan, seier Tennø.

I likheit med Paulsen er Tennø og Mållaget oppteken av at nynorsk skal ha ei konsistent normering.

– Det er ikkje slik, at det er godt nok om du skriv nett slik du snakkar. Nettopp fordi nynorsk er eit mindre brukt språk, er det viktig at folk lærer seg norma, understrekar Tennø.

LES OGSÅ: Spår meir dialekt i Donald