«Inga overrasking at studentane er svake i nynorsk»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lærarar med nynorskskrekk

Førre veke skreiv leiaren i Studentmållaget i Oslo (SMiO) lesarinnlegget «For dårleg nynorskopplæring for lærarar»

Denne veka kom ein NIFU-rapport, som slo fast at norske studentar generelt er for dårlege til å lesa og skriva.

Uroa norsklektor
Målmannen Paulsen får no støtte frå Noregs Mållag sentralt og Norsk Lektorlag.

Leiaren i Norsk Lektorlag er sjølv er utdanna norsklektor og har lang fartstid som sensor i den vidaregåande skulen.

– Med min bakgrunn er det er inga overrasking for meg at det viser seg at studentane er svake i nynorsk. Leiaren i Studentmållaget har all grunn til å vera bekymra for at nye norsklektorar ikkje har gode nok formalkunnskapar i nynorsk, seier Gro Elisabeth Paulsen på telefon til Framtida.no.

SMiO-leiar Odd Vegard Paulsen peikar i innlegget på dårleg nynorskopplæring av studentar, som allereie manglar grunnleggjande kunnskapar i nynorsk.

Leiaren i Lektorlaget meiner på si side at Universitetet i Oslo (UiO) ikkje kan klandrast, då dei må kunna forventa at studentane meistrar både nynorsk og bokmål.

– Skal norske universitetsutdanningar bruka tid og ressursar på å repetera pensum frå grunnskulen og den vidaregåande skulen? Ifølgje læreplanane skal elevane beherska begge målformer. Dette har diverre gleppe ut. Det er nesten ei tapt sak at elevane skal meistra nynorsk. For det er nynorsken som vert råka, ikkje bokmål, slår Paulsen fast.

LES OGSÅ: Nye studentar for dårlege til å lesa og skriva

Lærarar med nynorskskrekk
Då Framtida.no publiserte lesarinnlegget frå SMiO-leiaren på Facebook, kom det fleire tilbakemeldinga frå lærarar i den vidaregåande skulen. Dei melder om auka nynorskskrekk og direkte motvilje mot nynorsk frå enkelte grunnskulelærarar.

Eit liknande inntrykk har leiaren i Noregs Mållag etter å ha delteke på Nynorskstafetten i Rogaland.

– Eg har snakka med ei heil røys med elevar og lærarar. Absolutt alle skulane, anten dei er nynorske eller språkdelte, fortel at dei har lærarar som kvir seg for å undervisa i nynorsk. At lærarar seier at dei ikkje vil undervisa i nynorsk er eit kjempeproblem, seier mållagsleiar Marit Aakre Tennø engasjert.

Når elevane kjem i ungdomsskulen kan dei fritt velja målform, utan at dei har rett på språkdelte klassar. Det betyr at ein kan ha ulike målformer i same klasserom.

Læraren kan då velja kva målform hen vil bruka på tavla, noko som ifølgje Tennø betyr at nynorskelevane mange stader får eit dårlegare tilbod enn bokmålselevane.

LES OGSÅ: Rapport: Elevar må retta på nynorsken til lærarar

Tapande nynorskelevar
Fleire skular Tennø har vore i kontakt med fortel at dei ikkje spør spesielt etter nynorskkompetanse i stillingsutlysingane, av frykt for å færre søkjarar.

– Der er liten vilje til å sjå at nynorskelevane kjem dårlegare ut. Det er mykje anna som er viktigare, men eg har vanskeleg for å sjå at andre ting er viktigare enn at nynorskelevane får god undervisning i hovudmålet sitt.

Leiaren i Mållaget er sjølvsagt svært uroa over nynorskkompetansen hjå framtidas lærarar.

– Ja, det er heilt openbart. Det er slik i dag at det ikkje er noko opplæring i korleis ein skal læra elevane nynorsk. I tillegg finst det knapt didaktiske verkemiddel for dette. Me i Mållaget har vore oppteken av at det å læra elevar nynorsk, faktisk er annleis enn å læra dei bokmål, fordi dei ser mindre nynorsk til dagleg, seier Tennø, som meiner det har vore vanskeleg å få sentrale myndigheiter til å sjå denne ekstrautfordringa.

LES OGSÅ: Nynorskelevar dårlegare på rettskriving

Etterlyser grammatikken
At elevar ikkje har med seg tilstrekkeleg nynorskkunnskap frå barneskulen kjem òg til uttrykk i ei undersøking blant medlemmene i Norsk Lektorlag, som konkluderer med at norsklektorar trivst, men har for mykje å gjera.

Paulsen skulle gjerne sett at det var fleire enn norsklektorane i den vidaregåande skulen som tok ansvaret for å bringa vidare den kulturarven nynorsk er.

Men då må alle lærarar meistra målforma.

– Eg trur det har vore ein grov feil å ikkje syta for at elevane lærer norsk grammatikk i grunnskulen. Det er eit viktig grunnlag for å meistra begge målformane, i tillegg til at det dannar grunnlaget for å læra framandspråk. Det er ein tendens til at formalkunnskap ikkje vert verdsett. Å ikkje læra grammatikk, vert som om ein ikkje skulle læra gongetabellen. Ein må pugga littegrann, understrekar Paulsen, som her er heilt på bølgjelengde med mållagsleiaren.

LES OGSÅ: – Greitt å skriva dårleg nynorsk

Gamle Garborg
Norsklektor Paulsen peikar på at haldningane til nynorsk har samanheng med utdanning og kunnskap.

– Den gamle garden av allmennlærarar har hatt ei grundig opplæring i nynorsk, der dei har vore van med å lesa klassikarar som Garborg. Når desse no går av med pensjon, får nynorsken færre støttespelarar i grunnskulen. Det er ikkje lett å stå i klasserommet å undervise i noko berre fordi samfunnet seier det er viktig, men kanskje likevel ikkje meiner det er viktig. Om det er noko du ikkje kan sjølv, har du heller inga interesse av at det skal vera viktig. Då er det lettare å bidra til å gjere det mindre viktig, seier Paulsen, som er uroa for denne sjølvforsterkande effekten.

Ho veit ikkje korleis nynorsksituasjonen i skulen skal løysast, og peikar på at samfunnet elles i mindre grad ser ut til å bry seg om kompetansen.

– Kravet om at offentleg tilsette skal meistra begge målformer, gjeld ikkje lenger i praksis. Hadde ein meint alvor kunne ein hatt ei opptaksprøve eller ein test kvart femte år. Men eg trur ikkje Stortinget vil det, fordi det ikkje er ei viktig sak lenger. Det enklaste er jo å berre la det skli, seier norsklektoren.

Faktaboks

I skuleåret 2014-2015 hadde 12 prosent av alle grunnskuleelevane nynorsk som hovudmål.

På Vg3 studieførebuande og påbygging er prosentdelen som leverer eksamen i hovudmål på nynorsk no heilt nede i 6,4.

Kjelde: Språkfakta, Udir