Kvar tredje danske bonde truga av konkurs

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvar tredje danske bonde kan gå konkurs

Det skriv den danske avisa Berlingske , som baserer seg på tal frå Landbrugets Finansieringsbank. Han fastslår at den tidlegare oversikta til regjeringa over talet på danske landbruk med høg gjeld og låg likviditet er gal.

LES OGSÅ: Jaktar på kvinnebonden

– Dei 1.700 (regjeringsanslaget red.anm.) er i underkant. Vi er nok tettare på at ein tredel av bøndene har problem med å betale gjelda si, seier bankdirektør Jesper Lyhne til Berlingske.

– Altså er det 3.500 som har same problem som Hellas. Dei kan ikkje få inntekter og utgifter til å henge saman og kan umiddelbart ikkje låne meir, seier han.

LES OGSÅ: Fryktar bonde-kannibalisme

Årsakene til at gjeldskrisa blant bøndene har forverra seg, er fleire. Lyhne peiker på den aktuelle russiske boikotten av vestlege matprodukt, i tillegg til lågare mjølkeeksport til Kina.

Landbrugets Finansieringsbank oppfordrar bankane til å finne løysingar som kan redusere gjelda og redde nokre av dei dyktige bøndene. Nyleg vart det kjent at ein bonde frå Jylland hadde fått ettergitt ei gjeld på cirka 100 millionar danske kroner av banken sin. (©NPK)