Fryktar bonde-kannibalisme

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det Sylvi Listhaug no lanserer, fungerer som eit indirekte angrep på familielandbruket, seier Almås til Nynorsk pressekontor og siktar til forslaga om å oppheva lovene om buplikt, konsesjon og prisregulering. Professoren som til dagleg er seniorrådgjevar ved Norsk senter for bygdeforskning, meiner desse forslaga bryt med hevdvunne tradisjonar og grunnleggjande prinsipp i det norske samfunnet.

– Den norske landbruksmodellen er utvikla for å ta vare på familielandbruket. Alle jordbruksutgreiingane og alle stortingsmeldingane om landbrukspolitikken etter krigen har slege fast at familiebruket er kjernen og berebjelken i norsk landbruk. Det har det ikkje vore noka usemje om, seier Almås. Han fryktar forslaga frå Listhaug kan koma til å endra på dette.

– Viss bøndene skal driva større, må dei ha meir jord. Då får vi ein bondekannibalisme der bøndene må bli større ved å tena seg rike på kostnad av naboen.

Almås er redd gardane etter kvart kan bli så store at bøndene ikkje greier reisa den kapitalen dei treng for å kjøpa meir jord og investera i bygningar og dyr. Han peikar på at vi ikkje skal lengre enn til Danmark for å sjå at bøndene strevar med dette.

LES OGSÅ: – Me kan ikkje leva på ikeamøblar

– Historielaust
– Då kjem framandkapitalen inn, og då er vi tilbake til leiglendingen der folk ikkje lenger eig jorda dei dyrkar, seier han og peikar på at dette bryt med heile den norske tradisjonen med sjølveigande bønder. Han synest forslaga til omlegging av landbrukspolitikken er historielause og lite gjennomtenkte.

– Familiebruket oppstod i Europa som ei motvekt til leiglendingsbruket, der adelen eigde jorda, og dei som dreiv jorda måtte betala jordleige. Men i Noreg forsvann aldri sjølveigarskapen, seier han og minner om at dei sjølveigande bøndene her i landet til og med overlevde mellomalderen – stordomstida til adelen.

Etter at husmennene blei sjølveigarar her i landet, har familiebruket vore den dominerande driftsforma i landbruket i Noreg på 1900-talet.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

– Opnar for landran
– Ved å oppheva konsesjonslova og prisreguleringa blir det opna opp for at kven som helst kan eiga jord og by opp prisane. Det skal ikkje stor fantasi til for å forstå at dette vil skje i bynære strøk og i område der dei beste jordbruksareala er. Og dei som kjøper jord når det blir frislepp, er ikkje først og fremst folk som er interesserte i å driva jordbruk, seier professoren.

Han fryktar konsekvensane kan bli at pengesterke eigedomsbaronar frå inn- og utland kjøper opp flotte norske landbrukseigedommar.

– Med dei internasjonale avtalane vi har i dag, er det umogleg å diskriminera utlendingar. Både arabiske oljesjeikar og pengesterke kinesarar kan koma å kjøpa jord her i landet. Då får vi landran i Noreg, slår han fast.

Vekkjer oppsikt
Professoren seier forslaga frå regjeringa til ny landbrukspolitikk vekkjer oppsikt internasjonalt.

– Samtidig som Noreg vil kvitta seg med den norske landbruksmodellen, er det denne modellen FN trekkjer fram for andre delar av verda i ei tid der over 800 millionar menneske ikkje et seg mette, der matvareproduksjonen går ned, folketalet går opp, og vi går inn i ei forverra klimakrise. Det er eit stor paradoks, seier Almås.

Han meiner regjeringa også er i utakt med opinionen her i landet og peikar på at familielandbruket, småskalalandbruket og landbruket i distrikta har sterkare støtte blant folk flest enn tidlegare på meiningsmålingane.

Bygdeforskaren meiner mykje står på spel i prosessen vidare og oppmodar folk til å engasjera seg.

– Viss grasrota vil ha norsk landbruk over heile landet, slik vi har i dag, må dei kjenna si besøkstid og stå opp å påverka stortingsrepresentantane sine, seier Reidar Almås, som blir svært overraska om forslaget til Listhaug går gjennom i Stortinget. (©NPK)

LES SISTE LANDBRUKSNYTT HER!