– Kunstens Messi

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Festivalen opna med Flø si eiga hiphop-stjerne, Chris Masters, på ein rosa traktor. Rundt 2500 besøkjande tok turen til kunstivalen «Go with the Flø» denne helga. Til vanleg har berre 179 menneske husvære i den vesle sunnmørsbygda.

– Det er utruleg bra til å vere ein blindveg som dette, og kunst er smalt, seier kunstivalleiar Hugo Opdahl.

Kunstivalen er eit samarbeid mellom Studio Hugo Opdahl og Moods of Norway, som har ein butikk i bygda.

LES OGSÅ: – Festivalar skapar stoltheit

Prikke-Hirst
Salsutstillinga av den britiske kunstnaren Damien Hirst var trekkplasteret under den fjerde kunstivalen i Flø.

Det er andre gong den britiske samtidskunstnaren Hirst, som elles er å sjå i store galleri og museum rundt om i verda,  stillar ut på Flø. Hirst er kjent for sine naturvitskapeleg inspirerte verk. Kanskje aller mest karakteristisk er dei fargerike prikkane og sommarfuglane.

– Veit du kva denne kostar?

Mange sunnmøringar let seg fascinera, både av kunsten og prislappen.

Ti av Hirst sine karakteristiske sommarfuglbilete og ein hovudskalle vart seld for til saman 450 000 kroner.

LES OGSÅ: Kva treng du for å lage festival?

Saka held fram under biletet.


Gallerist Hugo Opdahl (t.v.) saman med Simen Staalnacke og Magne Furuholmen.

Mekaniske Myskja
I tillegg til hovudutstillaren kunne vitjande sjå mekaniske skulpturar av den norske kunstnaren Kristoffer Myskja. På bedehuset haldt det kanadiske stjerneskotet Lowell ein avslappa intimkonsert. Og for dei minste var det søppelkunstverkstad, rundballedekorering, traktorturar og klovn.

– Kunstnarane seier at kunsten deira ser litt annleis ut her ute, seier Staalnacke.

Staalnacke er full av lovord om det Hugo Opdahl har fått til ute på Flø. Sjølv føler ikkje kunstivalleiaren at alle forstår det han driv med.

– Eg samanliknar det med fotball og seier at no er det kunstens Messi som stiller ut her, forklarar han.

Heile det komande året er fullbooka for det grisgrendte galleriet. Mellom kunstnarane som skal stille ut i framtida er den norsk-danske duoen Elmgreen og Dragset.

Men sjølv om galleriet gjer det godt vil kunstivalleiaren at «Go with the Flø» skal fortsetje å vere lite og intimt.

– Me har ikkje tenkt å verte ein stor festival, seier Hugo Opdahl.

LES OGSÅ: Urban kunst på bygda


Klovning, rundballemåling og eventyrstund var mellom aktivitetane for dei minste.