– Festivalar skaper stoltheit

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskar Ingebjørg Vestrum på Nordlandsforsking har studert utviklinga av festivalar i norske bygdesamfunn. Ho seier at små bygdefestivalar har meir å seia for den lokale identiteten enn dei større kommersielle festivalane.

– Det er viktig at initiativtakarane spelar på lag med lokale krefter og ikkje berre hentar inn musikarar utanfrå for å spele konsertar, seier Vestrum til Forskning.no.

LES OGSÅ: Festivalar for alle

Ho meiner at suksessen bør målast i andre verdiar enn publikumstilstrøyming, til dømes samhald, auka kunnskap, kultur for å skape, turisme og auka handel. Tidlegare forskning har vist at festivalar på bygda ofte er meir lønsame enn i byane.

Vestrum tilrår kommunane å engasjera seg i festivalane, og at nye aktivitetar blir kopla med dei som allereie er der for å skapa lokalt engasjement.

Ingen veit kor mange festivalar det er i landet, men truleg er det godt over 1000.

Les meir festivalnytt her!