Kunsten intelligens

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Robotar – frå kreftkur til sexleketøy

«Ein kan få så gode robotar at fleire og fleire føretrekk dei framfor levande menneske.» Mats Høvin, førsteamanuensis i informatikk

Henriette har skadd beinet sitt. Ho har gått så langt at slitasjeskaden rett og slett var uunngåeleg. Ein gummisåle har lausna og vorte liggjande dobbelt under foten. Kva skal ho gjere no?

I livet til Henriette er det berre éin ting som er viktig: å gå fort. Ho prøver seg fram. Hoppar litt ekstra på den skadde foten. Merkar at den auka spensten gjev auka fart. Faren hennar, førsteamanuensis Mats Høvin, er henrykt. Robotkyllingen er visst smartare enn han hadde trudd.

– Det der hadde vi ikkje føresett. Sjølv om det var ein feil på skoen til kyllingen, gjorde evolusjonen at han hoppa endå fortare enn det ein trudde skulle gå an, seier han.

…men A.I. var ikkje død
Bortsett frå å lage raske metallkyllinger: Kva kan ein gjere med kunstig intelligens? Kan ein greie å skape ein kopi av menneskehjernen?

Då ein byrja å forske på kunstig intelligens på 50-talet, var nettopp dette det overordna målet. Då det viste seg å vere langt vanskelegare enn ein hadde trudd å attskape hjernen, forsvann òg mykje av interessa for fagfeltet. Men etter at ein innfann seg med at ein kan byggje ting som er intelligente på spesifikke område, framfor universelt intelligente, fekk forskinga si renessanse.

– Eit døme er datamaskina som vann over ein sjakkmeister. Det er eit av dei første døma der ein viste at ein kan byggje noko som er smartare enn eit menneske på bestemte område, seier Anders Kofod-Pedersen, leiar for Norsk forening for kunstig intelligens.

Han meiner at kunstig evolusjon byr på enorme høve. Eit godt døme er jetmotorane til den nye Boeing 777, der General Electric har brukt kunstig evolusjon til å designe deler av motoren.

– Ein har hatt ein simulator, ein kunstig røyndom, der motoren har vore. Han står og jobbar, og programmet byter automatisk ut deler. Det tek vare på dei beste delane og kopierer dei opp, og kastar dei dårlegaste. Dette går att tusenvis, kanskje millionar av gonger. Til slutt står ein igjen med dei beste delane.

Resultatet? Flymotoren brukar mindre drivstoff enn det ein trudde var mogleg.

Kofod-Pedersen fortel vidare om ein amerikanar som med eit dataprogram testa korleis store flokkar menneske oppfører seg i tilfelle av panikk.

– Det har ført til endringar i korleis ein designar sportsarenaer og cruiseskip. 2500 menneske kan kome seg ut på to og eit halvt minutt, seier Kofod-Pedersen.

Men kvifor nøye seg med eit fotballstadium? Kvifor ikkje lære seg å evakuere ein heil by, la oss seie… London?

– Ein kollega har bygd modellar og meiner han kan evakuere Londons 18 millionar menneske på under to timar. «Kor skal eg plassere politiet? Bussane?» Går det gale, kan han berre gå tilbake til start og prøve på nytt.

Revolusjonerer kreftforskinga
Evna til kaoskontroll har gjort kunstig intelligens til eit spennande forskningsområde òg innanfor medisin. Forskaren Manish Kakar står på eit kontor og viser fram ein PowerPoint-prestasjon. Kreftsvulst på kreftsvulst dukkar opp på lerretet, saman med matematiske formlar og tolkingar av dei.

– Dette programmet, som er laga ved hjelp av kunstig intelligens, gjer det mogleg å følgje rørslene til ein svulst under strålebehandling av kreftpasienter. Det er lært opp til å skilje mellom ulike typar tekstur: kva som er svulst og kva som er vev. Dermed kan ein både auke strålingsdosane og vere meir nøyaktig når ein handsamar svulsten, siar Kakar.

Eit menneske trekkjer pusten opp til fire gonger i sekundet, og det er defor vanskeleg å vita nøyaktig kor svulsten er under strålinga. Datamodellen som Kakar brukte doktorgraden sin til å lage, kan revolusjonere kreftforskinga. Men finansiering og vilje til å satse vidare manglar.

– Med tida vil dette kome. Men alt som er nytt er skummelt, og folk har vore lite skeptiske. Legar har vendt seg til «vanleg» teknologi.

Kakar har òg nokre tankar om kor langt vi kan kome i framtida.

– Eg har høyrt at ein i framtida vil lage robotpiller som blir svelgt. Når dei er inne i kroppen vår vil dei kunne stille ein diagnose viss vi er sjuke, for deretter å gjere oss friske, seier han.

Robot et menneske?
Ja, bruksområda er mange. Men kva med den gamle 50-tallsdraumen om å simulere ein hjerne? Anders Kofod-Pedersen trur ikkje det. Men Universitas møtte to informatikkstudenter som er meir visjonære. Gordon Klaus og Eivind Samuelsen har trua.

– Ein har lukkast i å lage ein rottehjerne i software. Då simulerte ein ein del av hjernen til rotta i ei datamaskin, seier Klaus.

– Men det er nok mange år til vi vil få ein nøyaktig avbildning, seier Samuelsen.

– Eg gjev det fire år, seier Klaus med eit smil. Det er så mykje tid han har igjen av doktorgraden sin.

TEST KOR SMART DU ER! TA EIN QUIZ!

Å etterlikne menneske er potensielt big business. Og det er ikkje medisinbransjen som er den primære pådrivaren for utviklinga av kunstig intelligens. Heller ikkje flyfabrikantar eller stadiumarkitektar. Du har kanskje gissa det…

– Sexindustrien var pådrivarar for VHS-filmane, og dei var først ute med betaling over internett. Det er ikkje så rart at dei går framfor her òg. Seksualiteten er ein stor del av alle menneskelege skapningar, seier Eivind Samuelsen.

Mats Høvin, han med den vesle robotkyllingen, tenkjer i same banar. Han har allereie vorte kontakta av eit firma i Drammen som prata om sexrobotar, med planar om å starte import.

– Ein kan få partnarrobotar som vil overta funksjonen oppblåsbare dukkar har i dag. Det skjer mykje i Japan, og på YouTube ligg det ein video av ein damerobot som ser ganske naturleg ut. Sexindustrien og reklamebransjen har lenge vore med på å drive teknologien fram, seier Høvin.

Men kva skjer når teknologien kjem så langt at vi kan lage robotar vi identifiserer oss med? Det er då det blir skummelt, synst Høvin.

– Tenk då: Ein slepp krangling med partnar eller bekymringar for borna… luftar han.

Den gamle sciencefiction-frykta for at androidene skal bli smarte nok til å stille dominansen til menneska i tvil, er nemleg ikkje det mest realistiske skrekkscenariet.

– Ein kan få så gode robotar at fleire og fleire føretrekkjer dei framfor levande menneske. Då vil menneska døy ut og kven står igjen då? Det er robotane. Det har ikkje vore nokon krig. Dei har overteke fordi dei var betre enn oss, seier Høvin.

LES SAKA (på bokmål) i UNIVERSITAS!

Er du redd robotar kan øydeleggja for korleis me har det som menneske? Del meiningane dine i kommentarfeltet!