– Krev bompengar på dei fleste vegar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha bompengar på alle vegar

Regjeringa har bedt tre ulike instansar vurdere korleis veg og jernbane bør finansierast, og den første rapporten frå Vista Analyse anbefaler eit heilt nytt betalingssystem, skriv Aftenposten.

Dagleg leiar Ingeborg Rasmussen i Vista Analyse seier det må lagast eit heilt nytt bompengesystem med bompengar på dei aller fleste norske vegar, med låge satsar. I dag vert bompengar vedteke lokalt, med satsar som vert sett så høgt som mogleg, for å ta inn mest mogleg pengar.

Dermed vel folk andre vegar, buss, eller lèt vere å reise, meiner ho.

– Eit forsiktig anslag tilseier at vi årleg vil få inn mellom 10 og 30 milliardar kroner ekstra ved ei slik løysing, seier Rasmussen.

Les fleire saker om samferdsle her!

Vista Analyse meiner også at finansieringsordninga OPS, Offentleg/Privat Samarbeid, er godt eigna og gir raskare framdrift og sikrare finansiering enn statsbudsjettet. I dag er jernbanen berre finansiert over statsbudsjettet, medan veg også vert finansiert av bompengar.

Analysebyrået anbefaler at det for store jernbaneprosjekt vert oppretta eit eige selskap som kan lånefinansiere utbygginga, innanfor gitte rammer.

Vista Analyse anbefaler også ei kraftig omlegging av finansieringa av flyplassane. Det vert blant anna tilrådd å finansiere små flyplassar over statsbudsjettet, i staden for gjennom taxfree-salet på hovudflyplassen Oslo lufthamn Gardermoen. (©NPK)

Kva meiner du om forslaget? Er det på tide at dei som bruker vegane betalar etter kor mykje ein køyrer?