Samferdsleminister Dale: – Tåpeleg med flyskam

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var tydelege ord frå ministeren under debatten Kan vi skamme oss til et bedre klima? på Arendalsveka tysdag.

Eit av bærekraftmåla til FN er å utvikla påliteleg og bærekraftig infrastruktur for å frakta folk saman på tvers av landegrensene. Å fly er ein rask og effektiv måte å reisa på, men fleire og fleire har dårleg samvet for å fly. 

NHO Luftfart hadde samla politikarar og flybransjen for å diskutera spørsmålet om flyskam.

Ofrar ikkje fotballturane

Tidlegare i sommar flaug statsminister Erna Solberg på utanlandsferie og heilt utan flyskam.

Samferdsleminister Jon Georg Dale meiner òg at flytransport er ein så sentral del av kollektivtransporten og at det blir tåpeleg å gi folk dårleg samvet for det.

– Det er ei fullstendig avsporing av klimadebatten og heilt meiningslaust. Folk bør ikkje føla skam for å bruka fly i distrika, der fly ofte er einaste reelle alternativ. Dei grunnleggjande utfordringane i klimadebatten er å få ned klimautsleppa med effektive tiltak. Skam bidreg ikkje til å løyse dette, eg trur heller det forverrar moglegheita til å koma dit. Nei, folk bør ikkje skamma seg over å fly i distrikta. 

Men kva med utanlandsreiser? Dale er sjølv ihuga Tottenham-fan og vart utfordra av ordstyrar Bård Hammervold på fotballturane hans til London. 

– Nei, eg kjem ikkje til å slutta med det. Eg trur ikkje det løyser klimautfordringane i verda om eg droppar ein tur til London for å sjå Tottenham. 

Han meiner at vegen å gå er gjennom teknologiutvikling og meir innovasjon for å gjera flybransjen grøn. 

– Dei siste åra har det vore stor utvikling på biodrivstoff og utvikling av EL-fly. Me som politikarar kan legga til rette for å kunne testa EL-fly og vera med på ei omlegging til elektrisk, slik me også har gjort med bil og ferjer. Det er mykje betre enn å gi folk dårleg samvet.

– Så ditt råd som samferdsleminister er ikkje at folk skal fly mindre? spør moderator Hammervold.

– Nei. Noreg er ikkje bygt for at politikarar skal gi så meiningslause råd. 

Flyvett framfor flyskam

Bjørn Kjos var administrerande direktør og konsernsjef i Norwegian frå 2002 til 2019. Han meiner det er heilt klart at flybransjen kan betra mykje for å bli mindre miljøfiendtlege. Samstundes poengterte han fleire gonger at Noreg ikkje er åleine i verda.

– Sjølv om Norwegian har kutta utsleppa stort dei siste åra, vert det framleis opna nye kolkraftverk i Kina kvar veke. Me er ikkje åleine i verda. Me må ha ei globalisert og effektiv utvikling om dette skal ha effekt. 

Han oppmodar til å bruka flyvett og heller droppa skamma. 

– Sjå på kor mykje CO2 du slepper ut per person og per kilometer i dei ulike flyselskapa, og fly alltid direkte. Slik blir det miljøvenleg. 

Gulrot – ikkje pisk

Torbjørn Wist er finansdirektør i SAS og fortel at dei ikkje merka særleg til flyskam blant norske passasjerar i sommar.

Ifølge Avinor gjekk talet på passasjerar innom flyplassane til Avinor, ned 0,1 prosent i juli samanlikna med same månad i fjor. 

– Å skamma seg bidreg ikkje til ein konstruktiv diskusjon om å gjera flytrafikken grøn, sa Wist. 

Samstundes gjorde han det tydeleg at flybransjen må ta ansvar.

– Det gjer me med tydelege mål som at all flytrafikken vår til Noreg, Sverige og Danmark skal gå på biodrivstoff innan 2030. Me har også investert i nye fly med lågare utslepp og inngått eit samarbeid med Airbus for å sjå på utvikling av el-fly. Særleg viktig er det å få ned prisen på biodrivstoff, som i dag er tre-fire gongar dyrare enn fossilt. Det går ikkje. 

Han ynskjer seg meir gulrot og mindre pisk frå styresmaktene, til dømes gjennom eit fond som samlar opp avgifter frå flybransjen, og brukar det til å støtta dei som greier å få ned utsleppa. 

– Ein ting ein kan gjera allereie i dag er å fjerna moms og CO2-avgifter, naturlegvis, på avgangar som er utsleppsfrie – slik ein gjorde med el-bil. Hjelp oss med det grøne skiftet, bad han samferdsleministeren om.