Køyr bil med tankekraft

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tyske forskarar har klart å utvikla styringssystem som lar bilføraren styra bilen berre ved hjelp av elektriske impulsar frå hjernen. No har dei testa styresystemet på Tempelhof-flyplassen utanfor Berlin med suksess.

Det vil nok likevel gå nokre år før du kan tenkja på å sleppa rattet heilt.

Daniel Göhring, talsmann for forskingsprosjektet ”AutoNOMOS Labs”, seier at styresystemet truleg ikkje vil koma i allmenn bruk før om ti til tjue år.

LES MEIR: Kunsten intelligens

– Det er ikkje nok at teknikken fungerer i nittini av hundre tilfelle. Me må sikra at det fungerer i hundre millionar tilfelle for å kunne gå i produksjon, seier han til den tyske avisa Die Zeit.

Eit anna problem er kven som vil ha ansvaret i eventuelle ulukker. Vil det vera sjåføren eller dei ulike leverandørane av styresystemet?

– Best på motorvegar
Daniel Göhring meiner den massive bruken av systemet vil vera avgrensa til motorvegar.

Trafikken i bysentrum er for rotete og for vanskeleg å forutseia til at ein kan sleppa hendene frå rattet her.

For lamme kan autopilot og tankestyringssystemet vera til god hjelp. Men forskarane er likevel tilbakehalde med å lova funksjonshemma at dei snart kan få hjelp til køyra sjølv ved hjelp av tankekraft.

– Billegg
Forskarane frå Freie Universität i Berlin har brukt ei tankehette frå selskapet Emotiv til berre 300 euro for å lesa av dei elektromagnetiske impulsane frå hjernen. Tankehetta er allereie brukt til å styra dataspel.

For å ta i bruk systemet må sjåføren gjennom noko mental trening for å stilla systemet med den trådlause tenkehetta. Sjåføren må sjå på ein skjerm, og får beskjed om å styra ein firkant på skjermen mot høgre og venstre. Dei elektromagnetiske impulsane som då blir målt frå dei 16 sensorane i tenkehetta blir brukt til å styra bilen seinare.

LES OGSÅ: – Menn bør ikkje få lappen før dei er 23 år

Bilen går på autopilot heilt til ein kjem til kryss. Då bremsar bilen opp og ventar til sjåføren har tenkt kva veg han vil køyra.

Sjå bilen i bruk her:

Faktaboks

AutoNOMOS er ein del av Freie Universität i Berlin, og er blant dei fremste i verda på bilar som køyrer sjølv.

Sjå video frå då dei styrte ein bil berre ved hjelp av ein iPhone:

Her har dei laga eit system for å tinga førarlause drosjar over iPad: