Kim Jong-Il ser på pølser

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag blei det kjent at leiaren av Nord-Korea, Kim Jong-Il er død. Nyhendeopplesaren brast ut i hulkande gråt då ho annonserte døden til ”Den kjære leiaren” på den statlege kringkastaren. På tv kan ein sjå nord-koreanarar kasta seg fortvila ned på gata etter tapet av diktatoren. Etter over 17 år med makta har Kim Jong-Il skaffa landet atomvåpen – og tilbakevendande svoltkatastrofar.

Kven var eigentleg Kim Jong-Il?
Kim Jong-Il tok over makta etter faren Kim Il-Sung 17. desember 1994. Persondyrkinga som faren opplevde har heldt fram. Ifølgje forfattarane Chol-hwan Kang og Pierre Rigoulot er det mange nord-koreanarar som trur Kim Jong-Il kan kontrollera vêret.

Nokon har ikkje like stor tru på han. Ifølgje Human Rights Watch var det i 2004 200.000 politiske fangar i landet.

Tidlegare i haust melde FNs matvareprogram at kring 6 millionar menneske er truga av svolt i Nord-Korea. I år er det trong for 700.000 tonn mat utanfrå for å unngå ein svoltkatastrofe av dimensjonar.

Når diktatoren smiler
For vel eitt år sidan starta ein 26 år gamal portugisar ein blogg med namn ”Kim Jong-Il looking at things”.  Biletbloggen har blitt umåteleg populær, og har til saman over 85.000 følgjarar på Facebook og Tumblr. Bloggen viser Kim Jong-Il i ulike situasjonar – medan han ser på forskjellige ting.

Kim Jong-Il looking at things ser ofte Den kjære leiaren på mat i store mengder.

– Det er ein underliggjande satire i bloggen, så eg ser ikkje positivt på han, seier mann bak bloggen, som berre blir kalla JR i eit intervju med The Next Web, og held fram:

– Sjølv om eg lagar moro av bileta av han, gjer ikkje det at eg gløymer undertrykkinga av hans eige folk og frykta han spreier i regionen.

LES OGSÅ: Teiknar kvardagen i det ekstreme

Favorittbileta hans av diktatoren er når han smiler.

– Det skjer ikkje så ofte, men dei gongene gjer det han faktisk litt meir menneskeleg i brøkdelen av eit sekund. Det er ein slags kognitiv dissonans som berre gjer bileta endå meir morosame.

Kjem bloggen til å halda fram? JR har enno over 100 bilete igjen av Den kjære leiar. Og blant dei som følgjer bloggen på Facebook er det eit stort fleirtal for å forsetja.


Relaterte saker