Teiknar kvardagen i det ekstreme

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Canadiaren er kjent blant teikneseriekjennarar over heile verda. Teikneseriebøkene Shenzhen og Pyongyang er resultat av reiser til Kina og Nord-Korea, og har begge blitt omsett til fleire språk. I haust var han i Noreg på Litteraturhuset for å snakka om teikneserieformatet og journalistikk.

– Eg er ein observatør. No går eg rundt i Oslo og observerer. Eg jobbar med detaljar. Nokre gongar mistar eg det store biletet. Nokre gonger spør folk om eg la merke til at det var ein elefant der, men då må eg seia at ”nei, det gjorde eg ikkje”. Eg er den typen observatør, som ser etter små detaljar. Eg har det med i boka, eg likar veldig godt dei små detaljane. Arkitekturen og måten folk lev liva sine på fortel mykje, og frå dei små detaljane kan du få verkeleg mykje informasjon, seier han, og held fram:

– Eg ville vera den verste til, for eksempel å skildra den arabiske våren. Viss eg hadde vore i Tunisia då den byrja, så ville det vore for mykje for meg. Eg treng dei små detaljane. Det er dei som er mat for meg, å sjå dei små forskjellane i korleis folk lev liva sine.

Trur dei verkeleg på landet sitt?
Pyongyang er omsett til norsk, og blir skildra som ein av dei mest spennande teikneserieprosjekta som er kome dei siste åra. I boka får me vera med på ei fascinerande og samtidig skremmande reise – me får eit innblikk bak murane i eit av dei siste totalitære kommunistiske samfunna. Guy Delisle er fascinert av spørsmålet om nord-koreanarane trur på regimet sitt.

– Trur dei verkeleg på regimet sitt? Trur dei at landet er det beste landet i verda? Det er ein så forferdeleg situasjon dei er sett i. Ein tredjedel av folkesetnaden får mat frå Verdas Matprogram, men likevel går dei rundt og seier at alt går bra. Spørsmålet er om dei verkeleg trur det. Sjølv om eg spurte kritiske spørsmål, så viste dei alltid tiltru til leiaren sin.

Gjennom Delisle sine tørrvittige observasjonar frå den gongen då han leia arbeidet på eit animasjonsstudio i landet, får me møta tolken, guiden og vakten til Delisle. Fleire av samtalane deira og andre han treff blir attgjeve. På spørsmål om det er eit etisk problem, tilbakeviser han at det hadde vore mogleg å informera dei han møtte at han skulle laga ei bok om dei:

– I Nord-Korea så kan du berre ikkje seia det. Når det kjem til folk i Burma og Jerusalem, så har eg heldt kontakten med mange av dei, og dei har fått lesa gjennom dei delane der dei sjølv er involvert, og eg har endra ting. For eg vil ikkje at dei skal koma etterpå å seia at eg aldri har sagt det. Men når det kjem til Nord-Korea er det umogleg å halda kontakt med folk på den måten. Dessutan visste eg ikkje at eg ville laga ei bok då eg var det.

– Veit du om folk har fått problem etter bøkene du har laga?

– Nei, men eg veit at folk i landa eg har skrive frå har lest bøkene mine, men eg veit ikkje om styresmaktene har fått tak i dei. Eg trur ikkje omsetjaren min har fått tak i boka frå Nord-Korea.

Skumle 1984
I Pyongyang fortel han at han har med seg boka 1984 i bagasjen. På flyplassen blir han spurt av ein politimann kva dette er for slags bok, og han svarar at det er ei science fiction-bok. Litt seinare får guiden hans låna boka hans.

– Etter eit par veker spurte eg han om han hadde lese boka, og kva han syntest. Då fekk eg til svar at han ikkje hadde byrja på boka, men ikkje likte det han hadde det lese.

Litt seinare fekk han levert boka tilbake ein gong dei var åleine. Guiden skalv på handa då eg fekk boka tilbake, fortel Delisle, og held fram:

– Eg trur ikkje boka er lov i landet. Allereie i 1948 skildra Orwell korleis ting er i Nord-Korea i dag.

LES OGSÅ: Seks millionar truga av svolt i Nord-Korea

– Skummelt med ny bok
Til forskjell frå dei tidlegare bøkene hans, er Jerusalem ein by dei fleste høyrer om ofte. Alle kjenner til okkupasjonen og konflikten mellom Israel og palestinarane.

– Det gjer det litt meir skummelt, seier Delisle, og held fram: – Sidan dei fleste veit kva du snakkar om, så må du gå djupare.

– Eg konsentrerer meg mest om okkupasjonen, fordi den er så visuell. Det er det du ser, i alle fall når du er i Aust-Jerusalem. Men alt i alt, så meiner eg boka handlar meir om religion, enn konflikten. Fordi den er så tilstade der.

Boka hans frå Jerusalem kjem først på engelsk i mai, men allereie no i november ligg boka føre på fransk og spansk.

Ekstreme situasjonar
Delisle tvilar på om han kjem til å laga ei bok frå vestlege land. For han er det meir å henta i meir ekstreme situasjonar.

Han held på med ei bok om ein hjelpearbeidar som blei kidnappa i Tsjetsjenia i tre månader, som klarte å rømma.

– Eg har alltid vore fascinert av historia til dei som har blitt kidnappa. Men flesteparten av dei har ikkje mykje å fortelja, utanom at det var kjedeleg. Men etter å ha snakka med han som blei kidnappa, om kvardagslivet og korleis dei flytta seg frå stad til stad. Du mistar fridomen din, utan å vita kor lenge du blir der.

LES OGSÅ: Eit absurd, teikna univers

Fleire teikna reportasjar
Guy Delisle trur det vil bli fleire teikna reportasjebøker i framtida. Han fortel om fleire franske magasin som satsar på teikna reportasjar.

– Det ein god måte å fortelja ei historie på. Det er nett som ein blogg, du har eit bilete og ein liten tekst, og så hoppar du til eit nytt bilete og ein ny tekst. Det gjer det også lett å lesa.

Sjølv startar han morgonen med å skriva ei store, og så teiknar han om kvelden.

– Eg byrjar med ei setning, og så ser eg at her treng eg eit bilete, og så arbeider eg meg vidare.

Han meiner kombinasjonen av tekst og bilete er den mest effektive måten å fortelja ei historie på.

Bla i boka "Le Chroniques de Jérusalem" av Guy Delisle her! (gjeld til 11. november)!

Faktaboks

Guy Delisle (45) er ein canadisk teikneserieskapar og animatør. Han er mest kjent for dei to teikneseriebøkene Shenzhen og Pyongyang.
Delisle er utdanna animatør, og har jobba for fleire animasjonsstudioer. Gjennom denne jobben oppheldt han seg i periodar i Shenzhen i Kina og i Pyongyang i Nord-Korea. Desse opphalda har han seinare skildra i teikneserieform.
Shenzhen
kom ut i 2000 og Pyongyang i 2003. Begge er omsett til fleire språk etter at dei kom ut. I 2007 gav han ut ein tredje reiseskildring frå Asia, denne gongen Chroniques Birmanes som er ei skildring av Burma, der han var med kona si som jobba for Leger utan grenser.

Les meir på Wikipedia!

Gå til heimesida til Guy Delisle!