Insekt på menyen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det står insekt på menyen under Pestaurant Day i Mathallen i Oslo. Det har lokka til seg eit stort pressekorps og eit knippe nyfikne gjester.

LES OGSÅ: Et insekt, redd planeten

Mmmm… mjølbillelarve takoyaki
Ein kameratgjeng frå elektrolinja på Elvebakken vidaregåande har teke turen bort og smakar ivrig på dei eksotiske godsakene, som er tilreidd og dandert av Mathallen sine eigne kokkar.

Mjølbillelarve takoyaki toppa med kimchimaur var favoritten til elektroelevane.

16 år gamle Joachim Asperud tykte ikkje det var særleg skummelt å ete mjølbillelarvar, grashopper og maur.

– Fyrste biten var vanskelegast. Så vil ein berre ha meir, smilar han. 

Kameratane er einige om at insekt er betre enn forventa, takka vere godt kokkehandverk.

– Det var meget godt og litt annleis, tykkjer Torkil Høeg (16), som ser for seg at han kunne ete insekt dersom det var sosialt akseptert å ta med seg ein pose med småkryp som snacks.

Gutegjengen trur at insektoppdrett kan vere lurt og billig, men at prisen på importerte insekt i Noreg i dag er så høg at det ikkje vil erstatta store delar av kosthaldet deira med det første. Det å ete insekt er likevel ikkje ein fjern tanke og vert samanlikna med delikatesser som sniglar og froskelår – og sushi ikkje minst.

– Det er noko nytt, så det kan slå an, trur Joachim Asperud (16).

– Det er jo allereie mykje insekt i smågodt, skyt kameraten Torkil Høeg inn. 

Gutane får med seg slikepinnar med tydelege oppdrettsmaur, som liknar vanlege norske skogsmaur i og lovar å leggje bilete ut på Instagram.

LES OGSÅ: Puttar insekt i islandsk energibar

Ingrid Midbøe, mattryggleikskonsulent Rentokil
Tidlegare såg Mattryggleikskonsulent i Rentokil, Ingrid Midbøe, utelukkande på insekt som bakterieberarar. No ser ho mat.

Delte meiningar
Mattryggleikskonsulent i Rentokil, Ingrid Midbøe, samanliknar òg insekt med sushi-suksessen.

– Dette kan hjelpe uland, men me i Noreg må òg byrja å tenkja nytt. Men slikt tek tid, det tok til dømes nokre tiår før me vendte oss til sushi. Det er to milliardar menneskjer, hovudsakleg i Asia, som allereie eter insekt, så kvifor kan ikkje me gjere det? seier mattryggleiksekserten, som har grunnutdanning som kokk. 

Med bakgrunn frå mellom anna Mattilsynet forbant Midbøe insekt meir med bakteriar enn mat. Ho ser at yngre er meir opne enn eldre for dei små, ukjende godbitane.

–  Meiningane er delte. Nokon tykkjer det ikkje er godt, men det trur eg sit i hovudet, for insekta smakar ikkje så mykje i seg sjølv, seier Midbøe, som slår fast at:

–  Dette er framtidas mat.

LES OGSÅ:Forskarar uroa over insekt-svikt

FN vil ha insektoppdrett
FNs matvareorganisasjon (FAO) reknar med at behovet for mat vil auke med 70 prosent fram til 2050. Då vil verda truleg husa over 9 milliardar menneskjer.

I ein rapport frå 2013 føreslår organisasjonen difor å auka konsumet og oppdrett av insektfor å mette verdas raskt veksande befolkning.

Insekta som vert servert i Mathallen kjem frå oppdrett i Nederland. At eit EU-land har starta med slik oppdrett tykkjer mattryggleiksekspert Midbøe er eit kjempeframsteg.

– Me må fokusere på å finne alternative kjelder til mat og særleg protein. Insekt er ei god proteinkjelde som ofte vert samanlikna med kjøtt, samstundes som det inneheld mindre feitt, forklarar Midbøe.

I tillegg er insekt gode kjelder til sporstoff som magnesium, jern, sink og kalsium og B-vitaminer.

Insekt er svært energieffektive og treng i snitt berre to kilo næring for å produsera éin kilo insektmasse. Sidan dei ikkje er varmblodige nyttar insekta all energi på å vekse. Kyr treng på si side åtte kilo fôr for å produsere éin kilo kjøt.

Ved å ete insekt kan ein òg få ned klimagassutsleppa til ein tredel av forbruket ved andre typer matvarer. Frysetørka insekt er i tillegg lettare å frakte og krev mindre energi for å halde seg ferskt enn kjøt.

Rentokil er eit firma best kjend for å drive med skadedyrkontroll, men dagleg leiar Espen Agnalt meiner at dette problemet går hand i hand med mattryggleik.

– Skadedyrnedkjemping og mattryggleik møtast i konseptet Pestaurant. Me vil fokusera på insekt som alternativ proteinkjelde, fordi me ikkje kan tillata oss å ete så mykje kjøt som me gjer, seier Agnalt.

LES OGSÅ: Full miljøforvirring om raudt kjøt

Mathallenkokk
Mathallen kokk Marius Tvethaug serverer mellom anna cricketkake med sjokolade og maurtrekk til gjestene. 

Ny kokkeutfordring
NRKs stuntreporter skjerer grimasar under prøvesmakinga, medan det er få fordreide andlet å spora hjå dei andre gjestene som får smaka maten til mellom anna Mathallen-kokk Marius Tvethaug.

– Heilt ærleg har eg ikkje ete insekt sidan eg var liten, men under oppkøyringa til i dag har eg fått smaken for det. Insekt er berekraftig mat og eg ser for meg at mine barnebarn kjem til å ete det, seier Tvethaug, som tykkjer det er både interessant og utfordrande å lage mat med småkryp.

Ifølgje mattryggleiksekspert Midbøe og skadedyrekspert Erlend Ese er det ingenting i vegen for at me kan byrja med oppdrett av mjølbilleoppdrett i Noreg – sjølvsagt under kontrollerte forhold.

Larven kan gjere stor skade hjå bakaren, men stor nytte i matfatet, på same måte som grashopper kan øydeleggje avlingar for milliardar av dollar i andre delar av verda eller mette mange.

Så kanskje er det ikkje så dumt å bli kjent med desse småkrypa.

Kva seier du til fredagstaco med grashopper eller gulrotmuffins med mjølbillelarvar?

Bananbrød med mjølbillelarveBananbrød med mjølbillelarve
Sjokolade- og bananbrød med mjølbillelarvar (over). 

Sjokoladekake med insekt
Cricketkake eller grashoppekake med sjokolade og maurtrekk. 

Insekt med tacokrydder Insekt med tacokrydder
Insekt vert ei delikatesse med spesiallaga krydder, koriander, chili og lime- og mangosaus. 


Faktaboks

Pestaurant Day

4. juni 2014 vart den første globale Pestaurant Day arrangert i 11 land rundt i verda, heilt frå Australia til Danmark. Over 13.000 menneskjer deltok.

3. juni 2015 vart Pestaurant Day for fyrste gong arrangert på norsk jord i Mathallen i Oslo

Bak arrangementet står det internasjonale selskapet Rentokil, best kjent for sitt virke innan skadedyrsnedkjemping.