Forskarar uroa over insekt-svikt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei siste fem åra har vi sett ein nedgang på 40 prosent. Det er ganske dramatisk, seier seniorforskar Frode Ødegaard i Norsk institutt for naturforskning (NINA) til NTB.

Tala byggjer på observasjonar frå insektforskarar og innmelde observasjonar frå insektinteresserte til Artsdatabanken. Særleg på Austlandet har det vore lite av både veps, bier og sommarfuglar i sommar.

– Eg har aldri opplevd ein dårlegare insektsommar, seier Frode Ødegaard. Dårleg vêr er hovudårsaka, meiner han.

– I fjor haust kom det tidleg barfrost og sprengkulde. Då greier ikkje insekta å produsera nok frostvæske i kroppen til å overleva vinteren. I år kom våren seint, og juni var våt og kald. Juni er den viktigaste perioden for mange insekt.

LES OGSÅ: Kan ta livet av bier – blir brukt i Noreg

Langsiktig trend?
Dei naturlege variasjonane er store, og nedgangen dei siste åra kan vera ei fallande bølgje.

– Men det er også eit faktum at menneskeleg negativ påverknad over fleire år har redusert mange bestandar til eit minimum. Truga artar med små bestandar kan bli heilt slegne ut av tilfeldige hendingar som nokre år med dårleg vêr, seier Ødegaard.

Meir intensivt jordbruk, kombinert med attgroing andre stader, er negativt for insekta. Det same er klimaendringane.

– Sjølv om det blir varmare, er det venta meir nedbør og skyer. Det vil ha negativ effekt. For mange insektartar er talet på soltimar i mai og juni avgjerande.

LES OGSÅ: – Vi har løyst honninggåta

Økonomi og økologi
Færre insekt vil ha både økonomiske og økologiske konsekvensar. Store endringar i insektbestandar kan få konsekvensar både for støving av planter og mattilhøva for fuglar og andre insektetarar.

I landbruket er det til dømes uro over redusert produksjon av raudkløverfrø.

– Utan nok humler til å støva plantene blir det redusert frøavling. Det går ut over grovforproduksjonen og rammar særleg bønder som driv økologisk, seier Ødegaard. (©NPK)