– Vi har løyst honninggåta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Honning har fleire helsebringane effektar og det som først og fremst gjer honningen lækjande er mjølkesyrebakteriane i magen til biene. Bakteriane døyr derimot så snart honningen er mogen.

No vil to forskarar ved Lunds universitet dyrke fram mjølkesyrebakteriar og tilsetje dei i vanleg honning.

Forskarane har undersøkt kva som gjer at honning kan ha same effekt som antibiotika og konstaterer at det handlar om mjølkesyrebakteriane. Når nektar blir blanda med bakteriane blir det laga stoff som kan likne på antibiotika.

– Vi trur vi har løyst honninggåta, seier Tobias Olofsson, doktor i næringsmiddelteknikk til TT.

Målet til forskarane blir no å erstatte antibiotika på fleire område, skriv Lantbrukets affärtidning.

– Eg har forska saman med dei som har teke inn manukahonning på dei britiske sjukehusa. Ei sak som kom fram der var at lynghonning, som vi har mykje av i Skandinavia og som også finst i Skottland, er like bra, seier Olofsson.

Mirakelmedisin
Honning frå bier som har ete nektar frå manukatreet på New Zealand er ifølgje forskarar blitt reine mirakelmedisinen mot ein ukjent type streptokokkbakteriar. Dette står å lese om i tidsskriftet Microbiology. Forskarar ved universitetet i Cardiff fortel at til og med små mengder med manukahonning kan slå ut denne streptokokkbakterien, som er nesten er resistent mot antibiotika.

Studiane, som enno ikkje er ferdige, viser at manukahonning også har sterk effekt på nokre andre bakteriar som er resistente mot fleire antibiotikatypar.

At honning har antibakteriell effekt er kjent frå før, men at han skal kunne bli eit alternativ til antibiotika er ein positiv nyheit i medisinforskinga. (©NPK)