Hutrar for ny huspolitikk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me har frose mykje i natt, så no skal det bli godt med ein dusj, seier KrFU-leiar Elisabeth Løland.

Saman med leiarane for Unge Høgre, Framstegspartiets Ungdom og Unge Venstre overnatta ho i telt for å protestera mot at det er så vanskeleg for ungdom å kjøpa hus.

– Folk må kunne bu åleine også i dei store byane, og det er på tide med litt god politikk og smarte løysingar sånn at folk kan få kjøpa sin eigen stad å bo, slår Unge Høgre-leiar Henrik Asheim fast. Han meiner at ein må stimulera til at ungdom sparar meir til eigen bustad.

Dei borgarlege ungdomspartia tek også til orde for at det skal byggast fleire små og rimelege leilegheiter, og at det skal bli lov til å byggja høgare. Dei ønskjer også å endra skattesystemet, slik at eigedom blir eit mindre attraktivt spekulasjonsobjekt.

LES OGSÅ: – Unge vinn på ny skattereform

– Kva er det viktigaste tiltaket dykk er samde om?

– Det er det som er problemet, at det ikkje er nokon heilskap i dagens bustadpolitikk. Nokon må sjå på heilskapen i denne. I dag er det mange etatar som har gode intensjonar, men det er ingen som ser til kvarandre og kva effektar det har for bustadmarknaden, seier Elisabeth Løland.

– Berre for å høyra om samarbeidsklimaet blant dei borgarlege – sov dykk alle i same telt, to og to, eller i kvart sitt telt?

– Først sat me i eitt telt og prata mykje, men til slutt la me oss i kvart vårt telt, fortel KrFU-leiaren.

LES OGSÅ: – Treng bustader berre for unge

Kva meiner du skal til for at fleire unge skal få råd til å kjøpa seg ein plass å bu?

Faktaboks

KrFU, FpU, Unge Høgre og Unge Venstre foreslår:

– Fritak for dei fleste forskrifter for alle leilegheiter under 70 kvm
– Høgare blokker og auka fortetting på sentrale stader
– Kommunale avgifter må baserast for faktisk bruk, og ikkje snittet for alle.
– Fjerna dokumentavgifta
– Fjerna eigedomsskatten
– Betra BSU
– Auka busadbygging
– La bankane bestemma kven som skal få lån

Les meir på Facebook-gruppa deira!